nyhende

Fekk nytt tre i gåve:

Det nye treet blei slept ståande frå Sunnhordland plantskule til kyrkjegarden ned traktor. Det var så høgt at det tok oppi kraftleidningane over vegen.FOTO: Dagfinn Fagerland Bjørge, Sveio kommune
Det nye treet blei slept ståande frå Sunnhordland plantskule til kyrkjegarden ned traktor. Det var så høgt at det tok oppi kraftleidningane over vegen.

Nytt tre ved Valen kapell

Den 175 år gamle hengeasken som måtte gi tapt ved Valen kapell har fått sin etterfølgar. Sist fredag blei eit staseleg hengehjartetre slept på plass frå naboen Sunnhordland planteskule.

Publisert Sist oppdatert

Det nye treet er ei gåve frå plantskulen. Planteskuleeigar Frida Helland fortel at ho lenge har vore ein pådrivar for å få bort det gamle asketreet som var tydeleg merka av sjukdom. Det er fleire år sidan ho lova eit nytt tre til erstatning for det gamle.

— På grunn av askesjuka som også har nådd Vestlandet, kunne me ikkje planta eit nytt asketre. Hengehjartetreet har mykje av dei same eigenskapane, men blir nok ikkje like høgt. På den andre sida skal ikkje dette treslaget vera mykje utsett for sjukdom, seier Helland.

Sist fredag kom eit nytt tuntre, eit hengehjartetre, på plass ved Valen kapell. Treet erstattar hengeasken frå 1846 som måtte fellast like over nyttår på grunn av sjukdom.

Helland fortel at ho har spart på hengehjartetreet i fleire år. Det var nå så høgt at det med naud og neppe let seg lirka under kraftleidningane som kryssar vegen.

Treet blei slept ståande frå planteskulen til kyrkjegarden med traktor. To minigravemaskinar var på plantinga, fortel rådgivar i Sveio kommune, Dagfinn Fagerland Bjørge.

To minigravemaskinar måtte til for å plassera hengehjartetreet i den nye plantegropa.

Frida Helland, som har gitt det nye treet, vaks opp nær kapellet og fortel at ho frå barndommen av har hatt eit personleg forhold til hengeasken. Det same gjeld mange andre i den nordlege delen av Sveio.

Hengeasken skal ha blitt planta av Ole Georg Olsen, mannen som bygde opp Einstabøvoll gard, i 1846.Treet blei planta ved gravene til sonen hans som døydde i 1840, og kona hans som døydde i 1841.

— Borna mine kalla det for Pocahontas-treet, fortel ho.

Powered by Labrador CMS