nyhende
Utflytta sveibu fylte 107 år
16. februar fylte den utflytta sveibuen Nils Severin Økland 107 år. Han er Bergens eldste mann og ein av dei eldste i landet.
107-årsdagen vart feira med nokre av dei aller næraste på Siljuslåtten sykehjem, der jubilanten nå bur.
— Etter planen blir det lunsj med far saman med næraste familie. Seinare på dagen blir det feiring med kake saman med dei andre bebuarane på sjukeheimen, fortel dottera Bjørg Elin Økland.
Nils Severin Økland budde heime i huset sitt og stelte seg mykje sjølv fram til i fjor sommar. Då blei han akutt sjuk og måtte på sjukehus. Etterpå var han nokre veker på korttidsavdeling før han fekk fast plass på sjukeheimen.
— Han var innstilt på at tida var inne for dette nå, seier dottera.
Debuterte som 105-åring
Nils Severin vaks opp som nummer tre i ein søskenflokk på seks på Eikeland i Auklandshamn. Han har skildra barndommen, ungdomsåra, tida under krigen og yrkeskarrieren etterpå i boka «Aldri gi opp», som han for det meste skreiv på 1970- og 80-talet, men fullførte saman med dottera då han hadde fylt 105 år.
«Aldri gi opp» er utgitt av Sveio Kystlag. Førsteopplaget på 350 eksemplarar kom i 2020. Det blei raskt utselt og to nye opplag på 200 eksemplarar kvar blei trykt. Samla opplag blir dermed 750.
— Me sel framleis bøker og har færre enn hundre igjen nå, fortel leiaren i Sveio Kystlag, Kristian Wathne.
Skildringa av barneåra på Eikeland kastar lys over ein oppvekst heilt annleis enn det barn opplever i dag. Nils Severin drog tidleg til sjøs, men var heime ved krigsutbrotet i 1940. Året etter, i oktober 1941 rømde han saman med ein bror og ein fetter til Shetland. Dei nytta ei 30 fots fiskeskøyte til overfarten. Både ver og motortrøbbel skapte dramatikk under vegs, men dei nådde målet og gjekk alle til sjøs i den norske handelsmarinen.
Som skyttar på fleire skip opplevde Nils Severin mykje dramatikk under krigen. Han har fått ei rekke medaljar for krigsinnsatsen sin. Den siste «langturen» han gjorde, var til Kristiansand i 2011 saman med sonen Magne Normann og dottera Bjørg Elin. Der var dei med på dåpen til D/S «Hestmanden», det einaste skipet frå Nortraship-flåten som er bevart. Under dette opphaldet fekk også Nils Severin og andre krigsveteranar helsa på kong Harald.
Allsidig
Etter krigen busette Nils Severin seg i Bergen. Han tok styrmann- og skipperskular og blei styrmann og etter kvart kaptein i utanriksfart på fleire skip. Som pensjonist har han hatt mange interesser, ikkje minst fisking som har vore den store hobbyen heile livet. Men han har også prøvd seg som hobbykunstnar.
107-åringen har hatt uvanleg god helse heilt til det siste.
— Nå er han svekka, men personalet på sjukeheimen fortel om ein blid og nøgd bebuar som klarar seg godt når han får den hjelpa han treng, seier Bjørg Elin Økland.