nyhende

Bade brannvesen, politi og ambulanse rykte ut til ulykka måndag ettermiddag.FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Bade brannvesen, politi og ambulanse rykte ut til ulykka måndag ettermiddag.

Ulykka på Fylkesveg 47: — Mistanke om ruskøyring

Den eine av sjåførane etter trafikkulykka i Sveio måndag vil truleg måtte svare for fleire forhold etter hendinga.

Publisert Sist oppdatert

Trafikkulykka i Sveio måndag ettermiddag var av det meir spesielle slaget. Mens den eine bilen, ein nyare Mercedes hamna i grøfta, fortsatte den andre bilen, ein eldre Ford, om lag 200 meter nordover før den stansa i ein venstresving like nord for avkøyringa til Kvednaneset.

Skal ha køyrd vidare

Det siste kan tyde på at sjåføren av Forden ikkje hadde til hensikt å stanse etter ulykka. Dei materielle skadane på Forden elles tyda på at dei 200 metrene var så langt bilen kom, før den braut heilt saman.

Jourhavende ved Sør-Vest politidistrikt, politiadvokat Kjetil Solhaug, opplyser til Vestavind at saka er under etterforsking, og at dei eine av sjåførane er mistenkt brot på paragraf 3 i vegtrafikklova.

Denne loven krev at ein køyrer aktsamt i trafikken.

Mistanke om ruskøyring

Men sjåføren av Forden må truleg svare for fleire forhold.

— Me mistenker at den eine av sjåførane for å køyrd i ruspåverka tilstand, seier politiadvokat Kjetil Solhaug i Sør-Vest politidistrikt til Vestavind like før klokka 16 tysdag.

Han hadde då ingen andre opplysninger om hendinga.

— Patruljen har ikkje skrive rapport frå hendinga ennå, opplyste han.

Ikkje gyldige registreringsskilt

Ifølge søk Vestavind har gjort hadde ikkje Forden gyldige registreringsnummer. Skiltnummeret tilhøyrer ein annan bil.

Politiadvokaten kunne måndag ettermiddag ikkje stadfeste desse opplysningane, då han ikkje hadde tilgang på nadsynt informasjon i saka.

Ingen skal ha kome alvorleg til skade i hendinga.

Det var ein person i bilen som hamna i grøfta, medan det var to i bilen som fortsatte nordover på Fylkesveg 47 etter samanstøytet.

Trafikken på ulykkesstaden vart dirigert i nærmare tre timar etter hendingar, men like etter klokka 16 vart vegen opna for fri ferdsel.

Powered by Labrador CMS