nyhende

Dette bildet tok Wisznice-ordførar Piotr Dragan på grensa mellom Polen og Ukraina sundag.FOTO: PRIVAT
Dette bildet tok Wisznice-ordførar Piotr Dragan på grensa mellom Polen og Ukraina sundag.

Sveio-ordføraren i dialog med venskaps-kommune på Ukraina-grensa

Ordførar Linn Therese Erve (Ap) vil gå i dialog med ordføraren i Sveio sin polske venskapskommune Wisznice, om mogeleg bistand i samband med Ukraina-krisa.

Publisert Sist oppdatert

Hundretusenvis av ukrainarar er på flukt etter at Russland sette i verk sin invasjon av Ukraina natt til torsdag sist veke. Flyktningane har teke seg over til nabolanda Polen, Romania, Ungarn, Moldova og Slovakia. Dei fleste er kvinner, barn og eldre. Menn mellom 16 og 60 år er beordra til å vere att, for å forsvare landet mot den russiske invasjonen.

— Skremmande

Sveio-ordførar Linn Therese Erve (Ap) kjenner på djup medkjensle med alle menneskja som no står midt i krigføringa.

— Det er skremmande, og dramatiske bilde og historier me no får formidla gjennom media, seier ho til Vestavind.

Sveio kommune er vennskapskommune med Wisznice kommune i Polen. Kommunen ligg nordaust i landet, og berre nokre få kilometer frå grensa både til Ukraina og Kviterussland.

Leiinga i Kviterussland har opna sitt territorium for russarane, som dermed har fått høve til å angripe Ukraina massivt frå nord, noko som skaper ekstra uro for polakkar nær grensa om kva som vil skje vidare.

Wisznice-ordførar Piotr Dragan seier til Extraavisen at det er heilt naturleg at innbyggarane i hans kommunen er uroa over det som skjer i Ukraina, og at dei fryktar at Polen kan bli neste.

Sundag var han sjølv på grensa for å hjelpe ukrainske flyktningar.

— Vi har sett opp provisoriske telt på ulike stader for ukrainske familiar. Dei første familiane er allereie på plass. Responsen for å hjelpe vårt naboland er enorm. Eg er stolt over innbyggarane i Wisznice som har vist solidaritet overfor dei som har er hardt råka av situasjonen, seier han.

Sveio-initiativ

Linn Therese Erve (Ap) seier til Vestavind at ho vil ta kontakt med Wisznice-ordføraren for å høyre om kva Sveio kommune kan bidra med.

mapboxgl.accessToken = 'pk.eyJ1IjoiYXBwZXhwdWJsaXNoIiwiYSI6ImNqeG9ma3JpazA1b2Uza252enk1eXV4eGsifQ.9jSguhytg3SKhZO9HHjlVw'; var map = new mapboxgl.Map({ container: 'map-3242', // container id style: 'mapbox://styles/mapbox/streets-v11', // stylesheet location center: [22.426076331571494, 51.79413196898727], // starting position [lng, lat] zoom: 4.976604664084392 // starting zoom }); map.addControl(new mapboxgl.NavigationControl()); var el = document.createElement('div'); el.className = 'marker'; el.style.backgroundImage = 'url(https://vestavind-sveio.no/wp-content/themes/appexpublish/images/marker.png)'; el.style.backgroundSize = 'cover'; el.style.width = 42 + 'px'; el.style.height = 42 + 'px'; new mapboxgl.Marker(el) .setLngLat([23.21667, 51.8]) .addTo(map); map.on("wheel", event => { if (event.originalEvent.ctrlKey) { return; } if (event.originalEvent.metaKey) { return; } if (event.originalEvent.altKey) { return; } event.preventDefault(); }); map.on("load", event => { window.dispatchEvent(new Event('resize')); })

— Eg ønskjer å ta eit initiativ for å høyre om kva som kan vere aktuelt, seier ho og viser til at det allereie er fleire på Haugalandet som er i gong med å sende humanitær hjelp til flyktningane.

Dei første ukrainske flyktningane kom til Noreg i helga og det nasjonale mottakssenteret på Råde i Østfold.

Sveio kommune har vedtatt å legge ned flyktningtenesta gradvis fram mot 2024, og heng tett saman med det faktum at kommunen ikkje har teke i mot nye flyktningar sidan 2019.

I samband med krigen i Syria gjorde kommunen vedtak om å ta i mot 20 flyktningar årleg, i tillegg til familie-gjenforeining.

Erve seier at det førebels ikkje er tatt stilling til om det no bør fremjast ei ny sak for kommunestyret, med tanke på å styrke flyktningtenesta igjen, som ein konsekvens av krigen i Ukraina.

Per i dag er det tre tilsette i flyktningtenesta i Sveio, men den eine er i ferd med å bli fasa ut.

Opphaveleg var det fire tilsette i tenesta.

— I høve til vedtaket skal ei stilling fasast ut i løpet av 2023, og at det etter det skal vere ei stilling igjen, seier kommunalsjef for helse og omsorg Ingunn Toft.

Ho seier at det vil vere enkelt å ruste tenesta opp at, om det skulle kome som eit politisk ønskje. Då må det i så fall først kome ein formell førespurnad frå innvandring og mangfaldsdirektoratet (IMDI), og så må kommunestyret gjere eit vedtak i høve til det.

Sveio-ordførar Linn Therese Erve (Ap).ARKIVFOTO

Fleire kommunar er klare

Fleire norske kommunar er interesserte i å ta imot flyktningar frå Ukraina. Flyktninghjelpen meiner Noreg kan ta imot 30.000 flyktningar i løpet av få månader.

Seniorrådgivar Eirik Christophersen i Flyktninghjelpen meiner Noreg er i ein betre posisjon til å ta imot flyktningar enn ved fleire tidlegare kriser.

– Å ta imot opptil 30.000 flyktningar frå Ukraina burde ikkje by på veldig store utfordringar for Noreg. Det kan ein få til i løpet av få månader, seier Christophersen til Klassekampen.

Han peikar på at det vart bygd opp stor kapasitet til å ta imot flyktningar i samband med flyktningkrisa i 2015, og at mykje av denne kapasiteten står ubrukt eller er i ferd med å leggjast ned.

Også Pål Nesse, generalsekretær i Norsk organisasjon for asylsøkarar (Noas), trur Noreg har plass til mange, sjølv om delar av kapasiteten frå krisa i 2015 er avvikla.

– Her treng ikkje alt vere ferdig. Det er viktig å improvisere. Det er uproblematisk at folk må bu i gymsalar ei stund, seier han.

Organisasjonen til kommunesektoren KS stadfestar overfor avisa at det er stor vilje til å ta imot flyktningar i kommunane og at fleire allereie har vendt seg til KS med ønske om å ta imot flyktningar.

Powered by Labrador CMS