bygg og bu

Brita Flornes og Øyvind Særsten med hunden Bobbie framfor det nyrestaurerte gardshuset frå 1600-talet.FOTO: EINAR VESTVIK
Brita Flornes og Øyvind Særsten med hunden Bobbie framfor det nyrestaurerte gardshuset frå 1600-talet.

Restaurerte gardshus frå 1600-talet

Då Brita Flornes og Øyvind Særsten prata saman om kva draumar dei hadde hatt gjennom livet, kom det fram at han alltid hadde ønskt seg eit småbruk. — Men har du tenkt å døy utan at du har gjort den draumen til røyndom? spurde ho.

Publisert Sist oppdatert

Paret budde den gongen på Leirvik, og Øyvind trudde ikkje Brita kunne tenkja seg å byta ut dette husværet med eit lite gardsbruk i meir grisgrendte strok. Der tok han grundig feil. For vel er ho byjente, oppvaksen i Stavanger og med mange år bak seg som lektor i Kristiansand. Men ho har også slektsrøter på Tysnes og kan sjå tilbake på mange sommarferiar der. Ei søster har dessutan flytta frå Oslo til Huglo. Bygdelivet har appell til begge søstrene, ser det ut til.

Den gamle bordkledninga er fjerna, veggene er retta opp og isolerte før ny kledning og nye vindaugeblei monterte.

Samtalen mellom Brita og Øyvind blei starten på eit aktivt søk etter småbruk i passande prisklasse. Søkeområdet var heile Sunnhordland. Eitt av krava var at bruket måtte ha tilgang til sjø. Det kriteriet viste seg å driva prisen i veret. Til slutt fann dei draumeplassen: Eit småbruk på Vestvik i Auklandshamn med bustadhus frå 1600-talet og to sjøtomter. Huset trong totalrenovering, det var det ingen tvil om. Men det skræmde ingen av dei. Begge likar å snekra og setja i stand gamle hus.

— Eg har to store interesser: Strikking og snekring, seier ho.

Og legg forklarande til:

— Då eg skulle utdanna meg i vaksen alder, sto valet mellom snekker eller lærar. Det blei lærar, for eg tenkte det var betre å bli gammal som lærar enn som kvinneleg snekker. Men nå er det jo nettopp gammal snekker eg har blitt, ler ho.

Bygda var heller ikkje heilt ukjent, i alle fall ikkje for Øyvind, som opphavleg kjem frå Halsnøy. Han var i mange år tilsett i Eide Contracting. Då dette selskapet i ein periode freista å driva Øklandsnes Slip og Motorverksted i Auklandshamn, var Øyvind dagleg leiar. Han har møtt igjen fleire av sine tilsette frå den tida.

Stor eigeninnsats

Dei kjøpte småbruket for vel to millionar kroner i 2018 og gjekk straks i gang med restaureringsarbeidet.

— Me starta med sauehuset. Begge hadde me mykje verktøy, og me måtte ha ein plass å oppbevara det. Sauehuset var i dårleg forfatning, og me måtte spa ut eit tjukt lag med gammal møkk, fortel dei.

Bustadhuset hadde ei grunnflate på 70 kvadratmeter. Loftet var utan innreiing. I nordenden var det ein liten kjellar, elles var golvet lagt rett på jorda. Bjelkane var delvis råtne. Dei bestemte seg for å fjerna både golv, veggplater og himling. Deretter spadde dei ut all jorda innanfor grunnmuren. Alt blei gjort for hand. For hand fylte dei også opp med stein, pukk og singel og støypte golv. Først grovstøyp. Deretter isolerte dei med isoporplater og røyr for vassboren varme og finstøypte på toppen.

Inne er den originale tømra synleg i trappeoppgangen til andre etasje. Trappa er også tatt vare på, men den er av langt nyare dato enn huset sjølv.

— Me har vassboren varme i heile første etasje og på badet i andre etasje. Det er me svært nøgde med, ikkje minst når straumrekninga kjem. Me har også installert omn og ny stålpipe, men den er svært sjeldan i bruk, fortel ekteparet.

Har fått god hjelp

Dette har også samanheng med at heile huset nå er fullisolert med 20 centimeter steinull i veggene og 25 centimeter i taket. Under arbeidet har dei hatt hjelp av snekker til å få konstruksjonen på plass, og til røyrleggjar- og elektrikararbeid som krev autorisasjon.

— Me har vore bevisste på å nytta lokale fagfolk, og er svært nøgde med dei og arbeidet dei har gjort for oss. Sveio kommune har også vore eineståande. Sidan huset er så gammalt, har byggesaka også vore innom fylket. Også der har me møtt positiv velvilje.

Øyvind og Brita har valt ei anna planløysing enn den som var frå før. Brita har vore arkitekt og fekk teikningane sine godkjende.

Slik ser det ferdig restaurerte gardshuset ut frå austsida.

— Hovudtanken bak prosjektet vårt var å behalda inntrykket av eit lite, men velhalde våningshus utvendig, men med ei open, praktisk løysing inne. Dette er elles det tredje huset eg har laga teikningar til, fortel den sjølvlærte arkitekten.

Første etasje rommar nå stove og kjøkken i eitt langs heile lengderetninga på huset, med kjøkkendelen plassert i det nordaustre hjørnet. I nord ligg også soverom og bad, og i sørvest kombinert vaskerom og «maskinrom», som dei seier, med plass til anlegget for vassboren varme.

For å få plass til alt er grunnflata utvida noko ved at eit mindre påbygg på vestsida er rive og erstatta med eit nytt påbygg langs heile vestsida.

Brita Flornes og Øyvind Særsten har også planar for det gamle eldshuset som enno ikkje errestaurert.

I andre etasje har det blitt plass til eit stort arbeidsrom/kontor i sør der paret har kvar sin arbeidsplass, to mindre soverom i nord og bad og gang i midten.

— Det einaste me har tatt vare på av det gamle interiøret er fire innerdører og loftstrappa. Ved loftstrappa er også ein del av den gamle tømra synleg, og slik skal det vera. Også over kjøkkenbenken er tømra synleg, men her med maling.

To millionar

Medan dei heldt på med arbeidet, dagpendla Brita og Øyvind frå Leirvik. På byggeplassen tente ei gammal campingvogn som «varmestove» og pauserom. Ferdigattesten, som heng på veggen, viser at dei var i mål 14. august 2020.

— Og prislappen?

— Me har vel brukt rundt to millionar kroner til nå. Varmeanlegget åleine kosta 250.000 kroner.

Eigeninnsatsen kjem i tillegg. Ingen av dei har aning om kor mange arbeidstimar som har gått med.

Og dei er ikkje ferdige med dette. Nå står uteområdet for tur. Grunnmuren til ein ny driftsbygning på vel 80 kvadratmeter er støypt. Her ventar dei på trematerialane. Hagen har dei også planar for. Og bak huset står eit falleferdig eldhus som dei også ser for seg å restaurera.

— Det er eit grindabygg. Det må takast ned og setjast opp igjen, forklarar Brita.

Mesteparten av jorda er leigd ut til ein lokal sauebonde, og paret ser ikkje for seg å skaffa fleire eigne husdyr enn gardshunden som alt er på plass. Men potetåkeren som dei alt har hatt i to sesongar, kan dei tenkja seg å utvida. Dei har også dyrka ein del grønnsaker i pallekassar.

Loftet var uinnreidd då dei starta. Nå erdet plass til to soverom, eit stort fellesarbeidsrom i sør og dessutan bad og gangi midten.

Øyvind ser også for seg at ei myr vest for huset skulle vore grøfta. Han kan også tenkja seg å utnytta skogen som høyrer til bruket, men har ikkje enno klart for seg når og korleis det kan skje.

— Me manglar skogsvegar og dermed tilgang til det me eig, seier Brita.

Frå fartøyvern til restaurering

Då Øyvind Særsten (73) møtte Brita Flornes (snart 74) i 2014, var han maskinsjef på veteranferja «Skånevik» og styreleiar i Ferjelaget som eig ferja. Interessa for fartøyvern og veteranbåtar skulle visa seg å vera felles.

Våren 2015, før ho blei pensjonert frå lektorstillinga, tok Brita derfor tryggleikskurs og kurs i passasjer- og krisehandtering og mønstra deretter på «Skånevik» som lettmatros. Seinare avanserte ho til matros. Dei var framleis aktive sjøfolk då dei kjøpte småbruket på Vestvik i 2018. Med «Skånevik» gjekk dei i turistrute mellom Kaupanger og Gudvangen om sommaren, og i ferjerute i indre Sogn om vinteren. Brita minnest framleis med glede dagane til rors innover vakre Nerøyfjorden. I ungdommen gjekk ho på telegrafistskulen og drøymde om ei sjømannskarriere. Den gongen blei det familieliv og barnestell i staden.

På et felles arbeidsrom i andre etasje har Brita Flornes og Øyvind Særsten fleire bilde avM/F «Skånevik» midt i vakker, norsk natur.

Øyvind er framleis styremedlem i Ferjelaget Skånevik, men på veg ut nå. For han er ringen på mange måtar slutta ved at fekk avslutta yrkeskarrieren sin på ei gammal HSD-ferje. Han starta nemleg i arbeidslivet på ein endå eldre HSD-veteran der faren var restauratør. Seinare starta han å utdanna seg til maskinist, men gjekk i staden i land og blei butikkmann i Odda i ni år. Familien likte seg ikkje så godt under dei bratte fjella i indre Hardanger. Turen gjekk derfor tilbake til barndommens øy, Halsnøy, og arbeid for Eide-selskapa i Høylandsbygd. Nokre år før første kona hans døydde, flytta dei til Stord.

Dørskiltet fortel om tilknytinga Brita Flornes og Øyvind Særsten har til veteranferja «Skånevik».

Øyvind fann Brita gjennom nett-dating. Han hadde då vore enkemann sidan 2009, men trivdest ikkje åleine. Ho var også blitt åleine. Nå var ho bestemt på at ho ville finna seg ein vestlending. Derfor blei ho mistenksam då Øyvind skreiv til henne på bokmål. Var han kanskje berre ein forkledd austlending? Dette fann dei fort ut av, og brikkene fall på plass.

I ungdommen blei dei gifte på kvar sin plass, og i løpet av to år fekk dei til saman fem barn, fortel Brita. Etter at dei gjorde sveibuar av seg, har dei begge funne nye vener med felles interesser. Begge er blitt medlemmer av Sveio Kystlag, Brita har kome i kontakt med fleire sambygdingar gjennom ein lokal strikkekafé i Auklandshamn, medan Øyvind har vore ute og fiska med eit par karar frå bygda.

Powered by Labrador CMS