nyhende

Olav Bergmål er overraska over at Statens Vegvesen vil vurdere å sette opp fartsgrensa på Haukås.FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Olav Bergmål er overraska over at Statens Vegvesen vil vurdere å sette opp fartsgrensa på Haukås.

Vurderer å setje opp fartsgrensa: — Uforsvarleg

Folk køyrer så fort på E39 forbi Haukås at Statens Vegvesen vurderer å heve fartsgrensa. — Det er det siste ein må gjere, åtvarar nabo Olav Bergmål. Han håpar Vegvesenet heller gjer tiltak for å synleggjere 60-sona betre.

Publisert Sist oppdatert

— Eg kan ikkje forstå at det er trafikktryggleik i å setje opp fartsgrensa på Haukås, seier Olav Bergmål.

Han bur på Tveita, på vestsida av 60-sona over Haukås, og kjenner den stadig aukande trafikken på E39 på kroppen. Ein trafikk, der eit fleirtal av sjåførane ifølgje målingar ikkje held fartsgrensa.

I eit brev til kommunen gjer Vegvesenet greie for at dei vurderer tiltak for å få folk til å overhalde fartsgrensa. Det er Bergmål glad for, men han rygga då han las at Vegvesenet også spør seg om fartsgrensa faktisk er for låg.

— Kan vere for låg

Av brevet går det fram at Vegvesenet har gjennomført målingar som syner at gjennomsnittsfarten, som 85 prosent av bilistane ikkje overskrid, er 67 kilometer i timen.

Målingane viser same resultat for trafikken både nordfrå og sørfrå på E39. Målingane er elles i samsvar med målingar Utrykkingspolitiet har gjort på staden.

— Med bakgrunn i reknemodellen for fartsgrense og målingar, utførte av politi og vegvesen, kan det sjå ut til at fartsgrensa på 60 kilometer i timen kan vere for låg, skriv Vegvesenet.

Men Vegvesenet peikar samstundes på at ein må gjere ei fullstendig vurdering av trafikktilhøva på staden. Dei trekkjer fram at både manglande respekt og forståing for fartsgrensa, eller at skiltinga ikkje er tydeleg nok, kan spele inn på korleis folk køyrer på Haukås.

Bergmål er på si side ikkje i tvil om at det er for dårleg skilting som er skuld i at fleire køyrer for fort på staden.

— Eg meiner det ikkje går tydeleg nok fram at det er 60-sone her, seier han.

Større skilt

Han trur mellom anna at både fleire og større «tallerkenar» på 60-skilta ville ha vore til hjelp.

Bergmål viser til at trafikantane har mykje dei skal følgje med på når dei kjem inn i 60-sona på Haukås. Han peiker på at dei som kjem sørfrå, først skal gjennom Sveio sitt mest trafikkerte vegkryss, der fylkesveg 47 møter E39. Så er det den store busslomma og parkeringsplassen på høgre side, og eit par hundre meter lenger nord ligg Haukås bensinstasjon, der det er mykje trafikk inn og ut.

Han viser dessutan til at forbodssona mot forbikøyring, som gjeld passeringa av 47/E39-krysset, blir avslutta brått. Den blir oppheva like etter den store buss- og parkeringslomma. Her rettar vegen seg også litt ut, noko han trur medfører at trafikantane synest det er forsvarleg å auka farten.

— Men berre nokre hundre meter lenger nord ligg Haukås bensinstasjon. Etter mitt syn burde det vore forbikøyring forbode – og 60-sone – heilt fram til ein har passert busslomma nord for bensinstasjonen, seier han.

Han minner også om at det, i tillegg til 12 avkøyrsler, er fire aktive gardsbruk på strekninga i dag.

— Som følgje av dette er det også ein del traktortrafikk i området, seier han.

Å setje fartsgrensa opp til 70 meiner han difor vil vere heilt feil veg å gå. Dei siste 10 åra har det vore fem trafikkulukker med personskade, der 8 vart lettare skada.

— Ein kan tenkje seg at med 15 prosent høgare fart, så kunne skadane ha vore meir alvorleg, seier han.

Dødsulykker

Før det vart 60-sone på Haukås, var fartsgrensa 80. Då var det fleire dødsulukker i området, og fleire andre ulykker.

— Med tydeleg auke i trafikken gjennom området, er det difor heilt uforsvarleg med høgare fartsgrense enn 60 kilometer i timen, meiner han.

Bergmål møtte som vararepresentant for Arbeidarpartiet i Sveio kommunestyre nyleg, og nytta høvet til å få eit brev med sitt syn lagt ved saka med tanke på vidare prosess.

Vegvesenet opplyser til kommunen at fartsgrensa på fleire strekningar på europavegnettet er under ny vurdering.

— På denne strekninga er det enno ikkje bestemt om det vil bli ei endring av fartsgrensa, og vi kan difor ikkje seie noko om det endelege resultatet av fartsgrensevurderinga no, heiter det i brevet.

Vegvesenet vil i første omgang undersøkje om skiltinga er i samsvar med handboka deira, eller om ho bør bli forsterka/forbetra, slik at 60-sona blir meir synleg. Vegvesenet vil også vurdere å setje opp ei såkalla fartstavle på staden.

— Når tiltaket vil bli utført vil vere avhengig av tilgjengelege midlar og korleis dette vert prioritert opp mot andre tiltak på strekninga, heiter det frå Vegvesenet.

Powered by Labrador CMS