nyhende

Urd Ekkje Hjelmeseter (t.v), Asle G. Halleraker, Lars Reiersen, Martha Reiersen, Inger Emilie Kvalvåg Panayiotou og Lars Enar Hollund er samde om at Lid skule kan egne seg som mottak for ukrainske flyktningar.FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Urd Ekkje Hjelmeseter (t.v), Asle G. Halleraker, Lars Reiersen, Martha Reiersen, Inger Emilie Kvalvåg Panayiotou og Lars Enar Hollund er samde om at Lid skule kan egne seg som mottak for ukrainske flyktningar.

Føreslår Lid skule som flyktningmottak

Bygdefolk på Lid føreslår at Sveio kommune stiller nedlagde Lid skule til disposisjon som akuttmottak for ukrainske flyktningar. Rådmannen er open for tanken.

Publisert Sist oppdatert

Lid skule vart lagt ned i 2014. No tek fleire i grenda initiativ til at skulebygget, som er i kommunen sin eige, kan fungere som akuttmottak for ukrainske flyktingar.

— Skulen har fleire klasserom, eit ganske nytt skulekjøkken og garderobeanlegg i god stand, seier Martha Reiersen Julegleden misjonsforeining.

Det skal ha vore over kaffikoppen på eit møte i foreininga at ideen kom opp, og no er det fleire i bygda som har tent på ideen.

Inger Emilie Kvalvåg Panayiotou er nestleiar i Lid grendalag og vart fredag peika ut som kontaktpunkt for alle som ønskjer å jobbe vidare med tanken om flyktningmottak for skulen.

Ho syner til at det er aktivitetar på bygget på ettermiddagane som flyktningar kan ta del i. Alt frå arbeidsstova, kor vaksne lærer unge tradisjonelt handverk til trening for vaksne.

Fire-fem familiar

Dei ser føre seg at i alle fall fire-fem familiar, til dømes fem mødrer med barn, kunne fått eit godt tilbod og eit fint fellesskap på skulen.

Det er ei stund sidan føysestativet ved Lid skule var i dagleg bruk. No håpar mange at kommunen vil stille skuleområdet til disposisjon som flyktingmottak.

— Bygdefolket vil stille opp både med utstyr og eventuell dugnad om det er noko som treng å bli rusta opp, seier Lars Reiersen.

Urd Ekkje Hjelmeseter er styreleiar i den private Bråtveit natur og kulturbarnehage, som ligger rett over vegen frå skulen.

— Der er det ledige plassar, om det skulle vere ukrainske barn som kjem, seier ho.

— God lokalisering

Asle Georg Halleraker er utflytta frå Lid, men har framleis familie på i grenda. Han er også positiv til ideen, og ser for seg at skulebygget kan fungere som eit akuttmottak og mellombels bustad.

— Om ikkje Imdi stiller for høge krav til fasilitetar, bør det vere kjapt gjort for Sveio kommune å setje dette i stand, meiner han.

mapboxgl.accessToken = 'pk.eyJ1IjoiYXBwZXhwdWJsaXNoIiwiYSI6ImNqeG9ma3JpazA1b2Uza252enk1eXV4eGsifQ.9jSguhytg3SKhZO9HHjlVw'; var map = new mapboxgl.Map({ container: 'map-9054', // container id style: 'mapbox://styles/mapbox/streets-v11', // stylesheet location center: [5.413777372434879, 59.54550571494255], // starting position [lng, lat] zoom: 11 // starting zoom }); map.addControl(new mapboxgl.NavigationControl()); var el = document.createElement('div'); el.className = 'marker'; el.style.backgroundImage = 'url(https://vestavind-sveio.no/wp-content/themes/appexpublish/images/marker.png)'; el.style.backgroundSize = 'cover'; el.style.width = 42 + 'px'; el.style.height = 42 + 'px'; new mapboxgl.Marker(el) .setLngLat([5.415000458437021, 59.5457313703711]) .addTo(map); map.on("wheel", event => { if (event.originalEvent.ctrlKey) { return; } if (event.originalEvent.metaKey) { return; } if (event.originalEvent.altKey) { return; } event.preventDefault(); }); map.on("load", event => { window.dispatchEvent(new Event('resize')); })

Han meiner skulebygget også har ei god lokalisering med tanke på logistikk.

— Skulebussen til Sveio skule går rett forbi. Og om kommunen skulle velje å gi skuletilbodet til flyktningane i Førde, så er det kort veg opp til Lidvegen og bussen derfrå, seier Halleraker.

Halleraker er også gruppeleiar for Sveio Ap i kommunestyret, og er ein av dei som skal handsame spørsmålet om kva bygningar Sveio kommune eventuelt kan stille til disposisjon for aktørar som ønskjer å drive flyktningmottak i kommunen.

Med på Lid-initiativet er også Lars Einar Hollund. Også han er politisk aktiv, og sit i både formannskap og kommunestyre for Høgre. Han er stolt over at bygda han er ein del av vil stille opp.

— Her er det både hjerterom og husrom, slår han fast.

Han legg til at no som initiativet blir offentleg kjent, blir det politikarane som må jobbe vidare med den inn mot administrasjonen i Sveio kommune.

Kommunestyret skal ta stilling til mottak av flyktningar på sitt møte måndag 4. april.

Rådmannen vil gå i dialog med brukarar

Rådmann Jostein Førre seier til Vestavind at han stiller seg open for tanken om at også Lid skule kan fungere som flyktningmottak.

— Men vi må først gå i dialog med dei som er brukarar av bygget allereie, seier han.

Han presiserer at det eventuelt vil vere snakke om utleige til ein privat aktør som ser det som aktuelt å drive mottak.

— Det har så langt ikkje vore tema at kommunane skal ta på seg å drive mottak, seier han.

Bråtveit natur og kulturbarnhage lligg rett over vegen frå Lid skule, og har ledige plassar.
Powered by Labrador CMS