nyhende
Sveio-verksemd kan bli råka av storstreik
Tilsette i ei verksemd i Sveio kan bli tatt ut i streik frå fredag.
NTB-NPK: Over 28.000 tilsette kan bli tekne ut i streik fredag om ikkje Fellesforbundet og Parat blir samde med Norsk Industri. Meklinga startar måndag formiddag.
Søndag ettermiddag vart det klart at forsøket på frivillig mekling i dei to oppgjera ikkje nådde fram. Dermed har Riksmeklaren kalla inn til tvungen mekling måndag klokka 11. Fristen for å bli samde er midnatt natt til fredag.
Fellesforbundet har varsla plassfråtreding for 27.600 medlemmer i over 950 bedrifter, medan Parat kan ta ut rundt 1.000 medlemmer i om lag 60 bedrifter i første omgang.
Ei av desse verksemdene har adresse i Sveio, og det er Helifuel AS på Hanaleite, og vil omfatte tre tilsette.
Eit viktig krav for arbeidstakarsida er å styrkje kjøpekrafta i ei tid då krigen i Ukraina bidreg til aukande prisar både på mat og straum. Arbeidsgivarorganisasjonen Norsk Industri fryktar på si side at for store lønnsaukar vil gå ut over evna bedriftene har til å konkurrere internasjonalt.
Disse kan bli tatt ut i streik:
(©NPK)