nyhende

Firefelts motorveg legg beslag på store areal. Rapporten frå Naturvernforbundet viser at ein kan spare inntil 25.000 dekar ved å justere ned 23 motorvegprosjekt.
Firefelts motorveg legg beslag på store areal.

Planlegg ny motorveg gjennom Sveio

I neste veke blir dei første stega tatt i det som kan bli trasé for ein ny 4 felts motorveg gjennom Sveio.

Publisert Sist oppdatert

Onsdag og torsdag neste veke vil du kunne observere vestkledde medarbeidarar frå Statens Vegvesen og konsulentfirmaet Rambøll forskjellige stadar i Sveio. Dei skal gjere innleiande feltarbeid i samband med planlegging av ein framtidig ny motorveg gjennom kommunen.

57 kilometer

Parsellen gjennom Sveio er ein del av prosjektet E39 Bokn-Hope. Prosjektet er ein del av ein overordna plan om å bygge samanhengande motorveg mellom Stavanger og Bergen. Oppdraget Statens Vegvesen har fått frå Samferdsledepartement, er å planlegge for ny firefelts motorveg med ein fartsgrense på 110 kilometer i timen.

Strekninga er 57 kilometer lang. Den byrjar der den komande Rogfast-tunnelen vil kome ut på Bokn, og går nordover mot Aksdal, Våg og via nordover gjennom Sveio til Hope, midt mellom Førde og Valestrand.

Kommunen er høyringspart

Bokn-Hope er ein statleg kommunedelplan. Det betyr at det ikkje er kommunane som vedtar den endeleg. Men kommunane blir ein viktig høyringspart. Planleggingsleiar Henry Damman i Vegvesenet seier at dei vil jobbe like tett med kommunane som dei ville gjort om det var ein kommunal plan.

— Det er viktig for oss å ha ein tett og god dialog med kommunane, seier Damman.

I februar hadde Vegvesenet innleiande møter med kommunane Bokn, Tysvær og Sveio om prosjektet, og dei skal ha jamlege møte med administrasjonane og politiske leiing i dei tre kommunane.

Seks mil – fem avkøyrslar

Motorvegprosjektet vil få konsekvensar for mange grunneigarar i Sveio, og det vil også endre trafikkbildet gjennom det meste av kommunen. I dag er det til dømes om lag 200 avkøyrslar på E39 mellom Bokn og Hope. Den nye motorvegen skal ha fem.

— Store delar av dagens E39 vil følgeleg bli ein viktig internveg i kommunane, seier Damman.

Det er førebels ikkje teikna detaljerte trasear for den nye vegen, men ifølgje Damman vil ein jobbe ut frå ein 1,6 kilometer brei korridor først, og innanfor den jobbe seg fram mot ein aktuelt motorvegtrase.

Informasjon på nett

Vegvesenet ventar i første omgang på klarsignal frå kommunal- og distriktsdepartementet til å leggje eit planprogram for prosjektet ut på høyring. Det er ein plan som seier noko om korleis ein skal jobbe med planlegginga av prosjektet.

Det er laga ein eiga informasjonsportal på internett, som vil bli sentral når planprogrammet skal ut på høyring.

— Når folk logger seg inn på vegvesen.no skal dei kunne gå inn på ei kartbasert løysing. Der vil vi legge ut fortløpande informasjon om prosjektet, seier Damman.

Vegvesenet planlegg også folkemøte for å informere publikum om saka, nok dei håpar dei får gjennomført fysisk. Det er ikkje fastsett dato for dette enno.

— Kvifor er det naudsynt med 4 felts motorveg gjennom Sveio?

— Når me planlegg ny veg, skal den vere dimensjonert for trafikken som berekna 20 år etter opning, forklarar Damman.

I dag er årsdøgntrafikken på strekninga Våg-Aksdal allereie på 12.000 køyretøy, som er innslagspunktet for 4 felts veg.

— Blir det byggjestart inn på 2030-talet, skal vegen altså vere dimensjon for 2050-trafikk, seier han.

Det er førebels ikkje gjort kjent noko kostnadsestimat for prosjekt, men det vil utvilsamt vere snakk om fleire milliardar kroner. Om planarbeidet går på skinner, er det venta at Bokn-Hope tidlegast kan få investeringsmidlar ved rullering av NTP i 2026-27.

Ny kryssing av Bømlafjorden

Årsaka til at prosjektet stopper på Hope er at det er i dette området tunnelopninga for ny kryssing av Bømlafjorden kan kome. Dette til erstatning for dagens Bømlafjordtunnel, som ikkje tilfredsstillar korkje dagens EU-krav eller er dimensjonert for trafikkauka som er venta i tiåra som kjem.

— Skal det byggast nye tunnelar, vil tunnelen komme ut i området ved Hope, for å tilfredsstille dagens EU-krav til stigningsgraden i tunnel, forklarar Damman.

Samferdsledepartementet har bestilt ein konseptvalutgreiing for kryssing av Bømlafjordtunnelen. Arbeidet startar i april i år. Då skal det sjåast på om ein skal bygge to ny tunnelar, om det skal vere flytebru eller senketunnelar. Dette arbeidet er venta å vere ferdig våren 2023, opplyser Damman.

Powered by Labrador CMS