nyhende
Søkjer vennefamiliar til ukrainske flyktningar
Kan du og familien din tenkje dykk å vere vennefamilie for flyktningar som kjem til Sveio frå Ukraina? Då bør du lese vidare.
Sveio kommune har vedteke å busetje inntil 35 flyktningar. Mellom desse vil det truleg vere fleire som ønskjer å bli kjende med lokalsamfunnet dei har kome til.
No tek kyrkja i Sveio initiativ til vere eit formidlingspunkt for familiar i kommunen som ønskjer å vere vennefamilie med ein ukrainsk flyktningfamilie. Dei ser etter familiar med forskjellige interesser.
— Kanskje kjem det ein ukrainsk familie som er interessert i musikk. Då kan det vere fint å spleise dei med ein familie som driv med det. Eller kanskje nokon driv med ein spesiell idrett, eller er interessert i friluftsliv, seier kyrkjeverje Ottar Krakk og Torhild Matre i diakoniutvalet.
Ein gong i veka
Det er venta at det først og fremst er kvinner med born som kjem til kommunen. Kyrkja ser føre seg at familiar som kan tenkje seg å møte ein flyktningfamilie, bør ha mogleik til å setje av tid minst ein gong i veka i starten.
— Vi planlegg også arrangement i soknehuset, der familiane kan møtast på tvers av kvarandre, seier Krakk.
Vil samarbeide med fleire
Dei fortel at dei har vore i dialog med kommunen si flyktningteneste om initiativet, og at dei er positive. Dei ser også føre seg å samarbeide med andre som kan bidra til at familiar kan møtast til forskjellige aktivitetar, til dømes Sveio Frivilligsentral, som allereie har hatt besøk av ukrainske flyktningar på sin språkkafé.
— Familiar som ønskjer å få vite meir om kva det vil seie å vere vennefamilie, eller som vil melde seg på, kan kontakt Bent Rune Sinnes i diakoniutvalet, eller meg, seier kyrkjeverje Ottar Krakk.
Dei som ønskjer å melde seg som vennefamilie, vil få eit skjema dei skal fylle ut. Dette for å kartleggje til dømes interesser, kor mange og kva alder borna i familiar har. Som i frivillig arbeid elles, vil det bli kravd politiattest frå dei vaksne i familiane som melder seg.
— Det reknar vi med også vil opplevast som ein tryggleik for flyktningane, seier Matre.