nyhende
Motorveg-planleggjarar på synfaring
50 ekspertar på motorvegbygging har denne veka saumfart terrenget mellom Bokn i sør til Hope i Sveio i nord.
Torsdag stansa tre minibussar fullstappa av folk frå Statens Vegvesen og konsulentselskapet Rambøll forskjellige stadar i Sveio.
— Me er her for å skape eit felles kunnskapsgrunnlag for det vil skal jobbe vidare med i høve til motorvegprosjektet Bokn-Hope, fortel planleggingsleiar Henry Damman i Statens Vegvesen.
Det var første gong at dei til saman 50 fagfolka, 10 frå Vegvesenet og 40 frå Rambøll, var på ein felles, og to dagar lang, synfaring i området kor dei etter kvart skal peika ut den traseen for ein ny firefelts motorveg mellom den komande Rogfast-tunnelen og Hope i Sveio.
— Det er veldig variert natur, frå øy- og fjordlandskapet i Bokn og Tysvær, til den meir klassisk vestlandsnaturen med hau og hammar gjennom Sveio, slår Damman fast.
Fleire utfordringar
I Sveio sette dei mellom anna av ekstra tid til å sjå på de landskapet ved Liervatnet.
— Det er ikkje gitt at forslaget traseen vil gå akkurat der, eller om den blir lagt ein annan stad, presiserer Damman.
Dei jobbar førebels etter ein 1600 meter brei korridor, og innanfor den skal dei peike ut to mogelege trasear.
Det er elles på det reine at planleggarane har ei nøtt å løyse når det gjeld plassering av motorveg gjennom Førde-bygda. Her handlar det både om korleis ein skal ivareta kulturminna knytt til Førde kyrkje og kyrkjegarden.
Prosjektleiar Marit Loland Tveit i Rambøll seier at prosjektet Bokn-Hope både er vanskelig og komplisert.
— Det er mykje verdifull natur og landskap langs heile strekninga, slår ho fast.
Like fullt er jobben deira å jobbe fram det som skal bli ein statleg kommunedelplan for den komande motorvegen.
— Me har gode verktøy mellom anna 3D-modeller. Men det å kome ut og sjå ting på ordentlig er noko heilt anna, seier ho.
Ho hadde mellom anna med seg fagfolk innan naturmangfald, kulturarv, og naturressursar i tillegg til både landskapsarkitektar, arkitektar og geologar.
— Me har plukka folk med god erfaring frå tidlegare planfasar, forsikrar ho.
Rambøll har tidlegare jobba med tilsvarande planarbeid for motorvegprosjekt, mellom anna E18 Dirdal-Grimstad og E16 Kløfta-Kongsvinger.
Stort prosjekt i Noreg
Men Bokn-Hope skil seg ut, både for Rambøll og Vegvesenet.
— 57 kilometer lange firefelt motorveg-prosjekt er sjeldan vare i norsk samanheng, slår Henry Damman fast.
I planleggingsarbeidet blir såkalla ikkje-prissette tema som naturressursar, kulturarv, friluftsliv og bygdeliv.
— Det er viktig å få til ein god samhandling med vegplanleggarane rundt desse tinga, seier assisterande planleggingsleiar Unni W. W. Høivik.
Bokn-Hope planleggast for 110 kilometer i timen og det skal vere berre fem avkøyrslar på den nye strekninga, mot cirka 200 i dag. I høvet til bestillinga frå Samferdsledepartementet skal den bli ein del av ferjefri E39, og gi ei reisetid mellom Bergen og Stavanger på 1 time og 50 minuttar.
Det er venta at det blir formelt varsla planoppstart for Bokn-Hope rundt 27. april.
— I alle fall i den veka (veke 17, red. merknad), seier han.
Det skal vere eit møte med dei involverte kommunane i forkant, den 22. april. Det er ikkje kommunane som vedtar kommunedelplanen for ny motorveg, men dei er høyringsinstans, og Vegvesenet har tidlegare uttalt at det er viktig for dei å samarbeide tett med kommunane.
Nettstad
Vegvesenet har laga ein eiga side for prosjektet på sin nettstad, og i samband med varsling av planoppstart vil det bli ein seks veker lang høyringsfrist. Via nettstaden vil alle som har innspel få høve til å levere merknadar.
Planprogrammet, som i praksis er ein plan for korleis dei skal planlegge prosjektet vidare, skal vere klart til hausten.
— Då skal me også vise kva hovudtrasear me ser for oss å greie ut skikkeleg, seier Damman.
Då blir det ein ny høyringsrunde, og då blir det etter planen også arrangert folkemøte om prosjektet.
I høve til tidsplanen vil forslaget til kommunedelplan for ny motorveg Bokn-Hope kome til politisk handsaming i Stortinget i 2024. Blir planen vedtatt då, vil det ifølge Damman vere mogeleg å rekke å ha prosjektet gryteklart for løyving av byggjemidlar til rullering av nasjonal transportplan i 2026-27.
Kva det vil koste å byggje nesten 6 mil med fire felts motorveg mellom Bokn og Hope er ikkje klart enno, men det er på det reine at ein snakkar om fleire milliardar kroner.