nyhende
Vonar dei snart får sjå sine næraste att
Kva hadde du gjort, dersom du ein tidleg morgon vakna til kraftige eksplosjonar like utanfor heimen din? Tre av dei ukrainske flyktningane i Sveio fortel om flukta frå det krigsherja heimlandet og kjenslene dei sit med i dag.
— Den 24. februar vakna eg til ein telefon frå kusina mi Natalie. Ho sa at det var krig, og at me måtte koma oss vekk. Eg vart sjokkert, men prøvde å halda roa. Så ringde eg mamma, seier 26 år gamle Anastasiia Nuzhna.
Eit par dagar seinare heiv ho og mora seg på ein drosje. Fyrste destinasjon for flukta vart Moldova. Så gjekk den nesten tre veker lange reisa vidare til Romania, etterfølgd av Budapest i Ungarn.
Dei la deretter kursen mot Tsjekkia, der mora søkte tilflukt hjå ein ven på eit gardsbruk. Der fekk ho jobb, men Anastasiia kunne ikkje bu med henne. Buordninga galdt berre for dei som hadde arbeid på garden.
Anastasiia reiste difor vidare til ei veninne i Hellas. Der budde ho i eit par veker, men dette var òg berre ei mellombels løysing, for veninna hadde både ektemann og born.
— Så fekk eg ein telefon frå kusina mi Natalie. Ho sa ho hadde ein ven i Sveio, og at eg måtte koma meg til Noreg for å bu saman med dei.
Og her sit Anastasiia i dag, i den vesle kommunen Sveio, etter å ha levd i den ukrainske storbyen Odessa så å seia heile livet.
Heilt annleis
Til no trivst ho i Noreg. Ho skildrar landet som fantastisk. Både naturen, folket og mentaliteten er av eit heilt anna kaliber enn den ho er van med.
— Det er så roleg her, frisk luft og fin natur. Folka er smilande, blide og ynskjer deg ein fin dag. I Odessa er atmosfæren meir forstyrra, oppjaga og bråkete, men her er folk så rolege til sinns. Eg seier ikkje at det plent er betre her, men at det berre er veldig annleis. Det er fint, eg likar det.
Sjølv om 26-åringen har fått meirsmak på Noreg, var det likevel tøft å måtta reisa vidare på ferda utan mora.
— Det var vanskeleg å forlata henne, og eg saknar henne. Me kommuniserer med kvarandre kvar dag, og eg vonar me møtest snart att. Det viktigaste for meg er at ho er trygg, seier Anastasiia.
Sjokkert og sint
Trass i at tilhøvet mellom Ukraina og Russland har vore spent i lang tid, var ikkje den unge kvinna førebudd på at livet ville taka ei så drastisk vending som denne.
Ho skildrar heimbyen Odessa som ein samansett og mangfaldig by, der folk har gått godt ilag på tvers av nasjonalitetar så lenge ho kan hugsa.
— I Odessa bur det folk frå heile verda; folk kan snakka saman, bu saman, leva saman…eg hadde aldri sett føre meg at det ville oppstå problem mellom Ukraina og Russland. Eg er sjokkert, sint og kan ikkje akseptera dette, seier Anastasiia.
Det er mykje i krigssituasjonen som gjer henne opprørt, men det som har trigga raseriet i henne aller mest, er vissa om at hundrevis av ungar har måtta bøta med livet.
På grensa til Tsjernobyl
Namnetvillingane Valentina Storchylo (69) og Valentina Kochina (57) var òg delaktige i språkkaféen til Sveio frivilligsentral fredag før helga. Begge kjem frå byen Zaporizjzja aust i Ukraina.
På eit tidspunkt trudde ein at Zaporizjzja stod i fare for total utsletting: Tidleg i mars utførte russiske styrkar militære åtak mot det største kjernekraftverket i Europa, som nettopp held til i denne byen. Verda frykta andre utgåve av Tsjernobyl-ulukka frå 1986 – berre i endå større omfang.
Heldigvis vart ikkje dette tilfellet, men krigen i aust går elles sin vande gang.
Dei to ukrainske kvinnene søkte tilflukt i kjellaren i fleire dagar før dei flykta til Noreg via Polen den fyrste veka i mars. No bur dei hjå den eine dottera til Storchylo, som heldt til i Sveio frå før av.
Ein tårevåt seanse
Korkje Storchylo eller Kochina snakkar engelsk, og Anastasiia må difor trø til som tolk i samtalen mellom Vestavind og dei to russisktalande damene.
Storchylo har ein ektemann på 59, medan Kochina har ein son på 35.
Noko av det tyngste dei ber på no, er vissa om at mann og son korkje har mogleik eller løyve til å forlata Ukraina. Ukrainske styresmakter har vedteke at menn mellom 18 og 60 må vera att for å sikra tryggleiken i landet.
Dei to ukrainske kvinnene fortel at dei kjenner eit sårt sakn etter mennene dei har kjær. Når dei så prøver å setja ord på den sterke lengten, bryt dei ut i fortvila og sorgtung gråt.
Sjølv om omtalen deira av Noreg er einsidig positiv, vonar dei at dei før eller seinare kan returnera til heimlandet og sjå familien att.