nyhende

Thomas Kinn sitt nye kontor blir LYSE arena i Stavanger.FOTO: STIAN NEDBERG/MJØNDALEN IF
Thomas Kinn sitt nye kontor blir LYSE arena i Stavanger.

Får skryt etter ny god kamp

Publisert Sist oppdatert

Thomas Kinn (23) frå Sveio spelte sin andre kamp for Mjøndalen måndag kveld. Laget hans har ambisjonar om opprykk til eliteserien, og kneip eit nytt viktig poeng då dei spelte 1-1 borte mot opprykksrival Start i Kristiansand.

Kinn fekk mykje skryt etter debuten heime i 1-0 sigeren mot Kongsvinger måndag kveld, og kom til og med på rundens lag då NTB kåra dei beste spelarane frå opningsrunden i 1. divisjon.

Måndag kveld var han på ny i aksjon, mot eit anna opprykksjagande lag, nemleg IK Start i Kristiansand.

— Det blir ein fin test for oss, sa Kinn til Vestavind før helga.

Og både Mjøndalen og Kinn bestod testen. 1-1 på Sør Arena er eit godt resultat.

Trur sveibuen blir ståande

Og Kinn leverte på nytt på høgt nivå. Han måtte rett nok plukke ein ball ut av eiga mål, men han får skryt av Drammens Tidende for innsatsen. Avisa gir han solide 7 av 10 mogelege poeng på sin spelarbørs:

«Sistekansen kom på rundens lag hos NTB forrige runde, og følger opp med nok en god kamp mot Start. God med beina, og redder det han skal. Fortsetter han slik, holder han Makani på benken når iraneren har sonet ferdig karantenen», skriv avisa.

For ordens skuld: Sosha Makani (35) har vore Mjøndalen sin førsteskanse i fleire sesongar, men sona no sin andre av seks kampar for ha brote fotballforbundet sitt regelverk om pengespel i kampar han sjølv har vore involvert i.

Sesongdebut for Guddal

Sveio har to spelarar i 1. divisjon. Midtstopparen Tobias Kvalvågnes Guddal (19) fekk sin sesongdebut for Bryne då han kom innpå i det 60. spilleminutt. Stillinga var då 1-2 i favør gjestane KFUM Oslo, som også vann kampen med dei sifra.

Bryne har dermed fått ein litt tung start på sesongen i 1. divisjon. Dei tapte 1-2 også serieopninga borte mot Sandes-Ulf for ei veke sida, då var Guddal på benken heile kampen.

Powered by Labrador CMS