nyhende
Desse skal kjempe for Sveio si ære
Nokre er skuleelevar. Eit par er tømrarar. Ein er skogsarbeidar og to er barnehagetilsette. Og alle skal skremme vettet av motstandarane når Sveio IL sparkar i gang ein ny sesong i 6. divisjon.
— Det skal bli godt å kome i gang no, seier trener Henrik Grasdal Larsen. Han tar fatt på fjerde sesong som trenar for Sveio IL sine håpefulle, som no har vaska draktene slik at dei er klare til ein ny sesong i 6. divisjon.
Framfor fjorårssesongen, som grunna koronarestriksjonar berre blei ein halv sesong, var målet opprykk. Men etter at fleire sentrale spelarar måtte kaste inn handkleet grunna skadar, vart det med draumen.
Skulle hatt 10 fleire
Også i vinter har dei største optimistane snakka høgt om at det kan bli Sveio sitt år i år. Men trenaren er ærleg på at Sveio nok ikkje blir eit topplag i år heller.
— Me har vore berre 14-15 mann på trening i vinter. Eg skulle helst hatt 25, seier han. Nyleg gjekk han ut på Facebook og oppmoda dei som hadde lyst om å vere med på trening. Det ser ut til å ha skaffa eit par spelarar til, men framleis skulle han ha ønskja seg fleire spelarar.
Ikkje juniorlag
Og det er så som så med etterveksten i Sveio-rekkene. Noko juniorlag finst ikkje. Det eldste aldersbestemte laget Sveio IL stiller med for gutar i år, er 15-åringar.
Den 29 år gamle trenaren skulle gjerne ha knytt på seg fotballstøvlane og stappa livsnaudsynte leggskjener i strømpene sjølv. Men etter å ha blitt utsett for ei av dei tøffaste taklingane på ei fotballbane mellom Sveio og Odda nokon gong, i ein treningskamp mot Skjold for nokre år sidan, vart han fotballinvalid. Kneet rauk. Målt i tid gjekk han eit heilt svangerskap på krykkjer.
— Han som takla, klaga på at han fekk gult kort av dommaren, legg han til og ristar på hovudet. Og det er nettopp skadestatistikken, som i fotballen har ein tendens til å auke proporsjonalt med storleiken på divisjonstalet, som gjer at han skulle ha sett at fleire trekte den raude drakta over hovudet. Det held nemleg neppe med 17-18 mann gjennom ein lang sesong, når motstandarane trør til med meir vilje og kraft enn kvalitet og nestekjærleik.
Pause frå kona
Det er uansett det sosiale som er viktigast for gjengen.
— Me er ein god gjeng som har det kjekt ilag. For mange er det frikvarter frå kone, sambuar og familie. Og det treng ein jo iblant, spøker han. Men legg til at dei 40-50 tilskodarane som plar kome på heimekampane, skal få sjå eit lag som skal kjempe for poenga. Og når dommaren blæs i fløyta for avspark, er det ingen som skal få noko gratis frå raudtrøyene.
— Vi har det kjekt og sosialt, og humøret er godt. Men det er ingen som likar å tape fotballkampar, understrekar han.
Ingen treningskampar
Ingen anar kor Sveio står i høve til motstandaren i årets sesong. Sveio har faktisk ikkje fått spelt ein einaste treningskamp.
— Det var sett opp fleire kampar, men alle vart avlyste grunna mannefall i høve til korona og andre ting, fortel Larsen. Men han har ei kjensle av at Falkeid og Stegaberg 2 blir gode. Også Ølen IL, der det gror godt i yngreavdelingane, kan bli tøff. Dei måtte melde seg på i 6. divisjon etter at dei trekte seg frå 5. divisjon for to år sidan. Det er nettopp Ølen IL som er første motstandar i år, på bortebane 2. påskedag.
Umogeleg å rykke ned
Mellom småskadar, litt for få spelarar og nokre nesten bortblåsne kveldar på treningsfeltet, kan Sveio IL i alle fall sende éi uro rett i garderoben. For dei treng ikkje å frykte noko nedrykksdrama. Det sytte Moster og Rubbestadneset 2 for då begge trekte laga i god tid før dommarane blæs for avspark i 2022-sesongen.