nyhende

Tobias Kvalvågnes Guddal byter ut Bryne-drakta med Levanger-drakt denne sesongen.ARKIVFOTO: SVENN OLAV SELE/BRYNE FK
Tobias Kvalvågnes Guddal byter ut Bryne-drakta med Levanger-drakt denne sesongen.

— Har hatt ei fin utvikling

Sveibuen Tobias Kvalvågnes Guddal (19) håpar på så mykje speletid som mogeleg for Bryne i 1. divisjon i år.

Publisert Sist oppdatert

Den unge og høgreiste sveibuen, som måler 198 centimeter på fotballsokken, skreiv kontrakt med 1. divisjonsklubben Bryne i fjor, og fekk 13 innhopp frå benken. I år håpar han å få meir speletid.

— Eg synes at eg har hatt ei fin utvikling sidan eg kom hit for eit år sidan, seier han.

19-åringen rakk å få seg ni kampar for A-laget til Djerv 1919 i 3. divisjon, før den tradisjonsrike jærklubben tilbydde han ein 2-årskontrakt i fjor. Då hadde Bryne akkurat rykka opp igjen til 1. divisjon etter å ha vore nede i 2. divisjon ei stund.

— Det er ein mykje tøffare fotballkvardag i 1. divisjon enn eg var vant med i 3. divisjon. Men eg føler at eg har tatt nivået, seier han.

Han ventar enno på sin første kamp frå start for dei røde og kvite. I fjor fekk han 13 innhopp, alle i sluttminuttane.

— Eg var budd på å bruke fjoråret på å bli vant med tempoet og nivået, seier han.

Koronasjuk i mars

I år har han forventningar og håp om meir speletid. Kontrakten han har med Bryne går ut etter denne sesongen, så han må jobbe hardt for å overtyde den sportslige leiinga i klubben om at han er ein å satse på.

Han har vore heldig og halde seg skadefri. Men var gjennom to tøffe veker med koronasjukdom i mars.

— Det var litt uheldig, for då var eg inne ein fin periode i oppkøyringa mot sesongstart, seier han.

19-åringen fekk nokre treningskampar frå start i vinter, men måtte sjå heile den første serierunden frå benken. Då tapte Bryne 1-2 heime mot naboen Sandnes-Ulf.

Men i andre serierunde, heime mot KFUM Oslo, slapp trener Kevin Knappen han innpå i det 60. minutt. Sveibuen klarte seg bra, men også då måtte Bryne sjå seg slått med knapp margin. 1-2 var stillinga då sveibuen kom innpå, og det vart også sluttresultat.

— Dei gjekk eigentleg ganske greitt. Eg kjende at eg kom inn med masse energi. Med prøvde å få snudd kampen. Dei skapte i alle fall ingenting meir, seier han.

Men Brynes lukkast ikkje å score fleire mål. Dermed står laget utan poeng etter to rundar.

— Me er naturlegvis ikkje nøgde med det. Men det har vore to kampar som kunne ha bikka begge veger, meiner han.

Vil leve av fotballen

19-åringen, som har vekst opp på familien sitt gardsbruk på Kvalvågnes, har funne seg godt til rente på Bryne.

— Eg trivst veldig godt. Eg har fått meg ei fin leilegheit, og har gode kompisar her, fortel han.

Heime i Sveio var det Torgeir Katla, Nils Arne Lie og pappa Tørres Guddal som var sentrale trenarar då han spelte aldersbestemt fram til han var 16 år. Tobias skryt av alle tre, og fortel at han stadig får oppdateringar frå gamleklubben Djerv 1919 i 3. divisjon, og at han kjem til å følgje med på Sveio IL i 6. divisjon.

Men no er det først og fremst Bryne FK som gjelder. Ein klubb som mellom andre har fostra opp Erling Braut Haaland, Dortmund og landslagsspissen som blir omtala som ein dei beste spelarane i verda i dag.

— Erling sin suksess var ikkje hovudårsaken til at eg gjekk til Bryne, men det betydde litt, seier han.

Og sveibuen er tydeleg på kva som er målet.

— Å bli så god som mogeleg, og å kunne leve av fotballen, seier han.

Førstkomande tysdag spelar Bryne tredje serierunde, mot Sogndal borte på Fosshaugane Campus.

Powered by Labrador CMS