nyhende
Storstilt golfhelg i Sveio: — Det vert ellevilt!
Komande helg kjem Noregs golfforbund til Sveio. — Ei kanonoppleving, seier Harald Haraldsen.
Han er ein av idrettsutviklarane i golfforbundet og fortel at det vert eit storstilt opplegg på golfbana i Sveio til helga.
Noregs golfforbund skal nemleg på turnering, og Sveio er eitt av reisemåla. Det kjem meir enn 60 spelarar i 13-15-årsalderen frå heile landet for å vera i Sveio heile helga.
Gode verdiar
Gjennom turneringa, som har fått namnet «Srixon Tour – future camp», står ikkje berre golf på programmet. Haraldsen understrekar nemleg at dei har inngått eit samarbeid med den ideelle organisasjonen MOT.
MOT driv med haldningdsskapande arbeid og førebygging av vald, mobbing, rusmisbruk med meir. Organisasjonen er mellom anna kjend for å utrusta born og unge med «mot til å leva», «mot til å bry seg», «mot til å seia nei» og «mot til å gjera eigne val».
— Me ynskjer å skapa gode verdiar og haldningar i born og unge. Sjølv om denne helga inneber konkurranse, har me òg lyst til at deltakarane skal få gode haldningar i møte med seg sjølv og andre. Gjennom turneringa vil ein òg få seg nettverk og verta kjend med andre golf-entusiastar, seier Haraldsen.
Open familiedag
Men det vert ikkje berre turnering for spelarar på øvste nivå. Òg dei som aldri har vore borti ei golfkølle før, får høve til å vera med på golf-arrangementet som går av stabelen i helga. Quiz, rebus, sosialt samvære og mat er sentrale stikkord for opplegget.
— Me vil i tillegg invitera alle born og unge med familie til ein open familiedag i regi av Golfjentene Noreg. Me ynskjer å rekruttera fleire jenter til golfen, men gutar er hjarteleg velkomne til å vera med. På den opne familiedagen arrangerer Golfjentene noko som heiter stjernejakt, der dei som har lyst, kan testa ut golf, få instruksjonar og ha det kjekt og sosialt, held Haraldsen fram.
Stjernejakta er for alle som er opp mot 19 år, og familiane deira kan òg hiva seg på.
Seriøst og ellevilt
Haraldsen skildrar golf som ein ærleg og sosial sport. Folk viser støtte og følgjer reglane. Skulle ein vera så uheldig med kølla at ein slår gras og torv opp frå bakken, hentar ein graset og legg det på plass att.
— Her tullar ein ikkje med reglane. I golfen lærer ein å respektera andre og å opptre rettvist og sannferdeleg.
Golfforbundet har vore på turnering i Sveio tidlegare, og Haraldsen er overtydd om at arrangementet vert vellukka i år òg.
— Det vert ellevilt. Dei som er med, har mykje å sjå fram til. Eg skulle nesten ynskja at eg var tenåring sjølv!
— Det vert ei kjempekjekk helg og ei kanonoppleving for dei som kjem, avsluttar Haraldsen.