nyhende

Morten Langeland og Willy Sørensen ved Albatross-senteret i Sveio. Begge er såkalla neurofeedback-trenarar. Her med neurofeedback-sertifikata sine på veggen i bakgrunnen. FOTO: GUNNHILD LØNNING
Morten Langeland og Willy Sørensen ved Albatross-senteret i Sveio. Begge er såkalla neurofeedback-trenarar. Her med neurofeedback-sertifikata sine på veggen i bakgrunnen.

Nytt tilbod i Sveio skal redusera fleire helseplager

Det var tungt og vanskeleg for Morten Langeland å vera vitne til sonen sine hyppige epileptiske anfall. No har han og kompanjongen Willy Sørensen på Albatross-senteret i Sveio starta opp med eit tilbod dei trur vil kunna lindra ei rekkje folkehelseproblem, diagnosar og strevsame helsesymptom.

Publisert Sist oppdatert

Tilbodet, såkalla neurofeedback, skal ifølgje Langeland og Sørensen redusera plagsame symptom ved søvnvanskar, migrene, stress, tinitus, ADHD, autisme, epilepsi og meir.

— Lista over kva neurofeedback hjelper på er ekstremt lang, seier Sørensen, som er utdanna sjukepleiar.

Han og Langeland har no gått i bresjen for etableringa av Albatross Neurofeedback-klinikk AS. Oppstartsdatoen var 1.april, og dei er allereie godt i gang med drifta.

Duoen har ei enkel forklaring på kva neurofeedback inneber:

— Det er rett og slett fysioterapi for hjernen, seier dei.

Son med epilepsi

Det er den 11 år gamle sonen til Langeland som vart motivasjonsfaktoren for etableringa av klinikken i Sveio.

— Eg har ein son med epilepsi. I fjor var han veldig dårleg og hadde mange epileptiske anfall der han fall i bakken. Medisinane var ikkje til god nok hjelp, og eg vart ganske desperat. Så fekk eg greie på at det var ein neurofeedback-klinikk i Grimstad, seier Langeland.

Vidare fortel han at han tok med seg sonen til denne klinikken i fjor for å testa ut effekten av neurofeedback. Etter ei langhelg i Grimstad merka han drastiske betringar på sonen sin.

— Me såg at dette verka, og han vart betre og betre. Han fekk betre søvnkvalitet og vart meir vaken i blikket.

Men det var både tidkrevjande og lite økonomisk å skulla reisa til Grimstad for kvar trening. Heldigvis viste det seg å finnast andre alternativ:

— Eg vart fortald at det var mogleg å utdanna seg til neurofeedback-trenar i Danmark. Med meg på laget fekk eg naboen min Willy Sørensen, seier Langeland.

Dermed reiste dei til Danmark i mars for å gjennomføra eit neurofeedback-kurs ved EEG Institute DK. Etter éi veke vart dei sertifiserte som neurofeedback-trenarar.

Slik fungerer neurofeedback

Prosessane i hjernen skjer umedvite og går på meir eller mindre automatikk.

Dersom ein hjernefunksjon ikkje arbeider slik han skal, kan det oppstå forstyrringar, altså dysfunksjonar. Forstyrringane kan prega kvardagslivet i større eller mindre grad.

Neurofeedback skal hjelpa hjernen med å regulera desse forstyrringane ved hjelp av «feedback» (respons).

«Pasienten» tek plass i ein komfortabel stol foran ein TV.  Fire elektrodar vert kopla til hovudet på vedkomande. Så speler ein spel eller ser film som heilt og fullt vert styrt av eigen hjerneaktivitet.

Fire elektrodar er plasserte på hovudet til Morten. Hjernen hans sender ut elektriske signal, og TV-en foran skal spegla eventuelle forstyrringar i hjernen. Deretter vil hjernen korrigera desse forstyrringane.

Ved hjelp av dei elektriske signala som vert sende ut frå hjernen, kan ein observera eigen hjerneaktivitet på TV-en. Straks byrjar hjernen å samarbeida umedvite med filmen eller spelet på skjermen. Deretter rettar hjernen opp i eventuelle dysfunksjonar.

Over tid lærer hjernen gradvis å regulera desse dysfunksjonane. Målet er at symptombyrda skal reduserast vesentleg i kvardagen.

— Ein vil med stort sannsyn oppleva effekt den timen ein sit i stolen, men ein treng fleire treningar dersom effekten skal vera varig, understrekar Langeland.

Færre anfall

Etter at Langeland og Sørensen vart sertifiserte neurofeedback-trenarar, har dei trent familiemedlemene sine regelmessig.

Sonen til Langeland, som hadde opp mot åtte droppanfall dagleg, har hatt vesentleg færre epileptiske anfall sidan fredag før palmehelga.

Sørensen, som har ein far med tinitus, fortel at faren miste tinitus i laupet av eit par dagar.

— Men for å vedlikehalda denne effekten, er det naudsynt med mengdetrening, legg Sørensen til.

Klinikken på Albatross-senteret i Sveio skal vera den fyrste neurofeedback-klinikken på Haugalandet.

Morten Langeland og Willy Sørensen utanfor Albatross-senteret i Sveio.

— Søv mykje betre

Sørensen og Langeland samanliknar hjernen si sjølvregulering med det å sjå seg i spegelen.

— Ser ein i spegelen at skjorta heng utanfor buksa til dømes, korrigerer ein det. Slik fungerer òg hjernen. Han korrigerer eigne «feil» under neurofeedback-trening, seier Sørensen.

Langeland supplerer:

— På same måte som me ynskjer å vera den beste versjonen av oss sjølv, vil òg hjernen vera den beste versjonen av seg sjølv.

Dei fortel at dei òg har prøvd ut neurofeedback, og at dei merkar tydelege endringar i kvardagen.

— Me søv mykje betre og kjenner på meir ro i kvardagen.

Powered by Labrador CMS