nyhende
Ingebjørg Bratland sprudla framfor 250 i kyrkja:
Bratland song for 250 i Sveio kyrkje
Songaren Ingebjørg Bratland (31) innleia torsdag kveld det som blir to dagar på rappen med flotte konsertar i Sveio under Fartein Valen-festivalen.
Om lag 250 personar let seg ikkje be to gonger då ein av Noregs mest folkekjære artistar vitja Sveio for første gong på turné.
— Det var på tide, så 31-åringen sjølv til applaus frå publikum.
Først ut i festivalhelg
Konserten var ein del av Fartein Valen-festivalen, som følgjer tradisjonen med å spreie musikkopplevingar i både Sveio og Haugesund gjennom ei langhelg.
31-åringen, som opphaveleg frå Edland i Vest-Telemark, ga uttrykk for at det var fint å spele ein stad kor folk forstod nynorsk.
— Ikkje som andre plassar der dei trur eg syng om «juice», spøkte ho då ho tok med seg dei frammøtte inn i låta «ljos».
Repertoaret til den Oslo-busette artisten og bandet hennar bestod av låtar frå eigen katalog, inkludert «Stjernene», «Bror» og «Di Ingebjørg». Etter å ha fått ståande applaus, takk ho dei frammøtte eit ekstranummer, den rolege og nakne balladen «Fordi eg elskar deg».
Mektig konsert ventar fredag
Fredag kveld ventar den neste store musikkopplevinga i Sveio under Fartein Valen-festivalen.
Då kjem Bergen filharmonisk orkester, med heile 80 musikarar og 60 songarar idrettshallen i Vigdartun.
Dette er det største gjestespelet «Harmonien» gjer på særs mange år på Haugalandet.