nyhende

Det var full fyr i Paddevegen onsdag føremiddag. FOTO: HAUGALAND BRANN OG REDNING
Det var full fyr i Paddevegen onsdag føremiddag.

Odd Magne (62) hindra truleg storbrann

Då Odd Magne Lyngholm tilfeldigvis oppdaga røyk frå lyngen ved Paddevegen, gjekk han straks i gang med sløkkingsarbeidet sjølv medan han venta på brannvesenet. Dei meiner innsatsen til 62-åringen medverka til å hindra det som kunne ha vorte ein storbrann.

Publisert Sist oppdatert

Odd Magne Lyngholm kan trygt kallast lokalhelt i dag. Han reagerte straks, og kanskje på ein måte ikkje alle hadde gjort, då han oppdaga røyk frå lyngen like inntil Paddevegen.

Hendinga fann stad like før klokka 10.00 onsdag.

— Eg kom køyrande frå Mølstrevåg og såg røyk langs vegen. Eg hadde ikkje høyrt om at det skulle vera brannøving eller noko i området, så eg syntest det heile var litt mystisk. Ved ein nærare kik såg eg at det var full fyr i graset, seier Lyngholm.

Han ringde brannvesenet for å varsla, og i staden for å køyra vidare eller berre venta, greip han brannsløkkingsapparatet han hadde liggjande i arbeidsbilen til selskapet sitt Vaktmester & Service AS.

På den måten heldt han brannen i sjakk fram til brannvesenet kom til staden.

— Eg fekk heldigvis stoppa delar av brannen i å utvikla seg, seier han.

«Essensielt»

Hadde ikkje Lyngholm køyrt forbi på dåverande tidspunkt, kunne det fort ha gått gale. Det stadfestar utrykkingsleiar Tore Johann Enerstvedt i Haugaland brann og redning.

Han seier at innsatsen som Lyngholm la ned, var «esseinsiell» for å avgrensa det som kunne ha vorte ein storbrann.

— Han varsla oss tidleg. Medan me var på veg til staden, prøvde han å hindra spreiing ved hjelp av eit pulverapparat han hadde i bilen sin. Me var raskt på plass med sløkkingsutstyr og fekk fort kontroll på situasjonen, seier Tore Johann Enerstvedt,

Brannen hadde ifølgje Enerstvedt eit omfang på kring 200-250 kvadratmeter.

Sigarettstump?

Lyngholm vil ikkje spekulera for mykje på kva som kan ha utløyst brannen, men han ser ikkje bort ifrå at det heile kan skuldast ein liten sigarettstump.

— Det var ikkje ei sjel til stades. Eg er usikker på kva som kan vera årsaka til brannen, men eg kan godt tenkja meg at det har lege ein røykstump i vegkanten, seier han.

Frå brannsløkkinga i Paddevegen onsdag føremiddag.

— Knuskturt

Årsaka til brannen er ukjend, men Enerstvedt påpeikar at det skal lite til før graset tek fyr for tida.

— Det er knuskturt om dagane. Skog- og grasbrannfaren er på oransje nivå og grunnvatnet i bakken ligg lågt. Det har ikkje kome godt med nedbør på lang tid, og det ligg att mykje vissent gras frå vinteren, seier han.

Heldigvis var det nokså vindstille i det brannutsette området onsdag morgon.

— Hadde det vore meir vind enn det var, hadde nok situasjonen vore verre, seier Enerstvedt til Vestavind.

— Kva kan me gjera for å unngå liknande tilfelle framover?

— Ein må vera varsam med all bruk av eld, ikkje tenna bål og ikkje hiva ifrå seg brannfarleg avfall i naturen, slår utrykkingsleiaren fast.

Brannen hadde eit omfang på om lag 200-250 kvadratmeter.
Powered by Labrador CMS