nyhende

Postkode-vinnarar i Sveio fekk vitjing av Jorun Stiansen

Fem utvalde sveibuar fekk seg ei real overrasking då songaren og artisten Jorun Stiansen kom på døra deira med til saman éin million kroner onsdag ettermiddag.

Publisert Sist oppdatert

Kva er postkodelotteriet?

  • Postkodelotteriet vart etablert i Nederland i 1989 og finst i dag i både Sverige, Tyskland, Storbritannia og Noreg.
  • Sidan oppstarten har lotteria medverka til meir enn 100 milliardar kroner til ideelle føremål.
  • I postkodelotteriet er det postnummeret ditt og to bokstavar som utgjer sjølve «postkoden» din. Dei to bokstavane i postkoden representerer gata eller vegen du bur i.
  • I postkodelotteriet vinn du alltid saman med naboane dine – så lenge dei òg har kjøpt lodd.
  • Postkodelotteriet annonserer nye postkodevinnarar kvar dag, heile månaden.
  • Med abonnement i postkodelotteriet støttar du WWF (Verdas naturfond) og SOS-barnebyar sitt arbeid for ei grønare verd, eit reinare hav og for vanskelegstilte born.
  • Ein av dei største gevinstane vert delt ut éin gong i månaden: Alle med lodd på det uttrekte postnummeret skal dela 1.250.000 kroner. Éin million går til vinnarane med den unike postkoden, og resterande 250.000 kroner vert fordelte på resten av deltakarane på gjeldande postnummer.
  • Du treng ikkje gjera noko for å heva gevinsten – premien går direkte inn på bankkontoen din.
  • Over 95% av alle postnummera i Noreg er med i kvar trekning.
  • Det er inga grense på kor mange gonger ein kan vinna.
  • Dagens utdeling i Sveio: Dei fem hovudvinnarane vann med koden 5550 UL. Dei andre 98 familiane vann med berre postnummeret, det vil seia 5550.

Denne månaden var det sveibuar på postnummeret 5550 som stakk av med ein sum på 1.250.000 kroner i det store postkodelotteriet.

Éin million vart fordelt på fem hovudvinnarar i Sveio, medan 250.000 kroner gjekk til dei resterande 98 familiane i Sveio som hadde kjøpt kvar sitt vinnarlodd.

Ein av dei fem hovudvinnarane var André Mundal Haukås. Saman med mora si Laila Haukås mottok han ein sum på 202.119 kroner. Sjølv om han var førebudd på å få Stiansen på døra, visste han ikkje kor store summar det dreia seg om.

— Dette var heilt fantastisk! sa han i djup entusiasme.

Syden og giftarmål

Postkodelotteriet sine utsendingar og Vestavind gjekk vidare til neste dør, nærare bestemt døra til Evelyn Nedrebø.

Ho vart tilsynelatande sjokkert og nærast skjelven av den store pengesummen på godt over 200.000 kroner.

— Kva skal du bruka pengane på? spurde Stiansen.

— Me skal til syden i sommar, og så skal eg gifta meg i august. Ungane mine skal nok òg få ein slant, sa Nedrebø og braut ut i jubelrop.

— Lov meg å kosa deg for kvar einaste krone! responderte Stiansen.

— Ny sofa

Òg Erlend Opedal frå Sveio og kona Monica Nesse Opedal frå Bømlo hoppa av glede då dei såg kor mykje pengar dei hadde vunne.

— Då vert det ny sofa på oss, då! sa Erlend lattermildt idet han mottok gevinsten.

— Me har vore spente i lang tid på kva me får. Dette er pengar me verkeleg set pris på, for me har mange planar. Det fyrste eg tenkte på då me vart trekte ut, var ny sofa, sa Monica med eit stort smil om munnen.

— Kva var grunnen til at de ville kjøpa lodd? spurde Stiansen.

— Det er mykje spenning knytt til å vera med i spelet. Ikkje minst støttar ein viktige organisasjonar, og det er kjekt å vera med på å hjelpa dei som treng det, svarte vinnarparet.

Etter dagens premiering kan snart både ny sofa, nytt bad og ein innhaldsrik ferie kryssast av på ynskelista deira.

— Har ikkje gått opp for oss

Turen gjekk vidare til ein familie på tre: Wenche Kristin Hinderlid Helgesen, Alf Gunnar Helgesen og dottera Ingrid Helgesen (18).

— Dette har ikkje gått heilt opp for oss enno. Denne summen var veldig uventa, sa Helgesen-trioen.

Familien har klargjort reiseruta for ferien dei skal på i sommar, og dei er ikkje i tvil om at dagens uventa gevinst vil koma godt med.

Den siste av dei fem hovudvinnarane hadde ikkje høve til å stilla denne dagen, men kan likevel gleda seg over premien som har gjort han eller henne 200.000 kroner rikare.

Etter at Stiansen og resten av laget hadde overraska hovudvinnarane på døra, samla resten av vinnarane seg i krysset ved Paddevegen og Fjellstad for å motta dei resterande 250.000 kronene.

Powered by Labrador CMS