nyhende
Velforeining med nye planar:
Vil rusta opp badeplass
Badeplassen på Rophus treng å oppgraderast og eignar seg dårleg som badeplass slik han ser ut i dag, meiner Øyvind Gjerde, som er styreleiar i Rophus Velforening.
Han og dei andre medlemene i Rophus Velforening ser tydeleg føre seg korleis den nye versjonen av badeplassen skal sjå ut.
— Førebels er planen å få til ei badebrygge langs vasskanten, i tillegg til volleyballbane, ny sand på stranda og ein slags «gapahuk» eller levegg, der ein kan grilla og slappa av, seier han.
Ifølgje Gjerde har store delar av badeplassen grodd att. Han påpeikar at det også er ein del myr i terrenget.
— Me har òg eit ynske om å få vekk ein del av tangen, seier han og peikar på dei store mengdene med tang nokre meter frå vasskanten.
Målet til Rophus Velforening er å rekonstruera og få i stand ein sosial møteplass i nærområdet.
Dugnadsånd
Gjerde presiserer vidare at det bur mange med tømre- og byggjekompetanse i området, og at desse menneskelege ressursane gjer ei oppgradering av badeplassen mogleg.
I denne oppgraderinga vil medlemene i Rophus-fellesskapen gjera så mykje dei kan gjennom nabodugnader.
Rophus Velforening ynskjer å realisera planane sine så fort det lèt seg gjera. Det einaste som attstår, er å få godkjenning frå kommunen. Dei ha òg søkt kommunen om økonomiske spelemidlar (støtte/tilskot).
Utelukkar ikkje godkjenning
Rophus Velforening, og alle andre lag og organisasjonar i kommunen, kan søkja om midlar til aktivitetsfremjande tiltak, som i dette tilfellet dreiar seg om ein sandvolleyballbane.
Marit Persen Liknes, som er rådgjevar for kultur og idrett, fortel at Rophus Velforening med stort sannsyn vil kunna få tilskot til ein sandvolleyballbane — dersom ho vert bygd i tråd med byggingskrava for eit slikt anlegg.
Eitt av vilkåra for tildeling av spelemidlar er kravet om at anlegget vert drifta og halde ved like i 20 år frå det er ferdig.
— Likevel kan eg ikkje garantera at Velforeininga får tilskot, då det er fylket som tildeler midlar etter søknad, men sannsynet for godkjenning av søknad er stort. Søknaden om spelemidlar til bygging av gapahuken vil sannsynlegvis òg verta godkjend, seier Liknes.