nyhende
Sveio-jenter tekne ut til VM
Sveio Drill har lang tradisjon med deltaking i europameisterskap. No er ein ny barriere broten. For første gong har ein tropp kvalifisert seg til VM.
Når verdsmeisterskapen i drill-kategorien twirling går i gang i Eindhoven i Nederland i august, så er det første gong at ein tropp frå Sveio Drill skal representere Noreg i VM.
— Utruleg kjekt, dette har vore eit mål lenge, seier Kristina Styve Apeland, Ingrid Andrea Kvalvåg Panayiotou og Emilia Åsbø. Dei er tre av jentene i Sveio Twirling Corps-gruppa We Are.
Nyleg vart dei plukka ut av Noregs Musikkorpsforbund, som eitt av åtte lag som skal forsvare Noreg sine fargar.
Femteplass i EM
Tidlegare i år deltok Sveio Drill i EM i Frankrike, der jentene frå Sveio tok ein sterk femteplass. Sveio har delteke i EM i alle år frå 2012 til 2019, men då i kategorien majorettes. I år er det kategorien twirling dei konkurrerer i. I denne kategorien krevst det at drillarane viser gode tekniske grunnferdigheiter innan drill og dans.
Dei legg ned mykje trening i idretten sin. Tre gonger i veka, tre timar kvar gong. I tillegg trener dei ei helg i månaden, der dei legg ned ytterlegare 6-8 timar. I snitt godt over 11 timar i veka, med andre ord.
VM er det høgaste nivået ein kan konkurrere i. Og Sveio-jentene, som er i alder 15 år til 18 år, får tøff konkurranse.
— Det finst ingen juniorklasse i VM, så dei kjem truleg til å møte konkurrerande lag med eldre og meir røynde utøvarar, fortel leiar i Sveio drill, Inger Emilie Panayiotou.
Det blir truleg mykje sveio-dialekt i hallen i Eindhoven, for det er venta at det blir ein solid delegasjon som set seg på flyet i august. I tillegg til at nokre kanskje køyrer i samband med ferie.
— Me var 48 reisande til EM i Frankrike, og reknar med at det kan bli om lag like mange på VM, seier Panayiotou.
Vellykka på Vigdartun
Drill har stått sterkt i Sveio i fleire tiår, heilt sidan oppstarten i 1978. Også som arrangør utmerkar Sveio Drill seg. Under konkurransen Vinterpokalen sist helg var 298 drillarar frå heile Sørvestlandet i aksjon på parketten i Vigdartun.
Inkludert foreldre og vener husa hallen mellom 1.000 og 1.200 menneske. Då var det trongt om plassen, men god stemning.
— Me hadde opphaveleg bestilt Tysvær Arena i februar, men koronarestriksjonar gjorde at me måtte utsette arrangementet. Det var ikkje fleire ledige helger der, så då flytta med arrangementet til Vigdartun, fortel drill-leiaren.
Lågt under taket
Vigdartun er eigentleg i minste laget, ikkje minst med tanke på takhøgda i idrettshallen. Drillstaven skal ikkje fyke veldig høgt før han treffer taket.
— Men det gjekk superbra, og me fekk gode tilbakemeldingar. Mange likar at det er så intimt som det blir med Vigdartun, fortel ho.
Drillgjengen i Sveio vart, lik som mange andre ungdomsaktivitetar, råka av stort fråfall grunna smittevernrestriksjonar under koronapandemien. Dei var over 60 drillarar før pandemien, no er dei litt over 30.
— Det er ei stor utfordring, men me håpar at fleire vil byrje med drill att, seier Panayiotou.