nyhende

FOTO: ARKIV

Alvorleg valdshending i Sveio

Ein mann ligg på sjukehus etter ei alvorleg valdshending i Sveio kommune natt til laurdag.

Publisert Sist oppdatert

Politiet fekk kl. 02.08 natt til laurdag melding om ei alvorleg valdshending på ei privat adresse i Sveio kommune.

Politiet rykte ut med fleire patruljer til staden, minst ein av desse frå Haugesund politistasjon.

Grov kroppsskade

Politiet rykte ut til staden og greip ei kvinne i 30-åra, sikta for grov kroppsskade. Ho vil få oppnemnd forsvarar i løpet av dagen, skriv Sør-Vest politidistrikt i ei pressemelding.

Den fornærma er ein mann, også i 30-åra.

Begge er av utanlandsk opphav og har ein relasjon.

Mannen er påført skadar, truleg ved bruk av kniv eller annan skarp gjenstand. Han er innlagd på sjukehus og vil bli forsøkt avhøyrd av politiet i løpet av dagen.

Han er ikkje livstrugande skada.

Politiet vil gjennomføre taktisk og teknisk etterforsking utover dagen, heiter det i pressmeldinga.

Vitne melde frå

Då Vestavind snakka med politiadvokat Erik Engløkk i Sør-Vest politidistrikt litt etter klokka 11 laurdag var det framleis uklart om det var fleire enn dei to involverte som var til stades på adressa då valden skjedde.

— Det er per no tidleg i etterforskinga, og detaljar om kor mange eller kven som befant seg kor har eg ikkje, seier han.

Det som er klart er at det er vitne til hendinga som har varsla politiet.

— Vitnet som melde frå skal ha vore på eller ved adressa, stadfestar han.

Sjølve gripinga av den sikta kvinna skal ha skjedd utan dramatikk.

Powered by Labrador CMS