nyhende
Kristian lagar bokstøtter av alt frå A til Å
— Eg har alltid vore glad i å laga ting og få utlaup for kreativiteten min, seier Kristian Haaland.
På eit fritidsrom i nærleiken av Sveio sentrum driv Haaland på med ein hobby utanom det vanlege, nemleg tilverknad av bokstøtter.
Det starta i 2020. Då kom han nemleg på å laga ei bokstøtte til ei hylle i Den Lille Bokbutikken i Haugesund, og med dét var bokstøtte-produksjonen hans i gang.
Bokstøttene skal førestilla miniatyrverder og visualisera scenar frå kjende eventyr- og science fiction-filmar mellom anna.
— Bokstøttene skal sjå ut som ei lita verd inni bokhylla, og kvar støtte har eit tema, seier Haaland.
Ingen grenser
Bokstøttene er bygde opp av mykje rart, og Haaland finn nytteverdi i det meste.
— Eg treng ikkje gå lenger enn ein tur ut i skauen. Både steinar, mose, lav, røsslyng og blomar er ting eg kan få bruk for, seier han.
Han tek fram ein stor boks og viser Vestavind kva som er oppi. Korkar, gamal elektronikk, flasker og gamle leiker er blant gjenstandane han samlar på. Ved å hiva på eit lag med måling, får desse tinga heilt nye uttrykk. Ei flaske som vert måla grå til dømes, kan brått sjå ut som ein tank.
Det er med andre ord mykje som vert redda frå å hamna i avfallsdunken.
— Her er det berre fantasien som set grenser, seier Haaland.
I tillegg har han skaffa seg ein 3D-printar. Denne maskinen lagar 3D-figurar av motiv den kreative karen finn på nettet, og som han ynskjer å bruka i skapinga av ei ny miniatyrverd til bokhylla.
Glede, meistring og flyt
Trass i at dette er pur hobby for Haaland, tek han også imot tingingar frå kundar.
— Kunden får velja tema sjølv, og eg lagar det meste, men dersom eg vert spurd om å laga noko eg ikkje trur vil verta eit morosamt prosjekt, gjer eg det ikkje. Då lagar eg det heller på ein annan måte. Sidan dette er ein stor hobby, er det viktig for meg at det òg er kjekt, forklarer Haaland.
Han har ein noko stillesitjande jobb, og praktisk utfalding er dermed naudsynt for at han skal kunna leva ut kreativiteten sin.
— Eg har ein kontorjobb og treng difor å gjera noko heilt anna på fritida. Når eg jobbar med desse bokstøttene, kjenner eg glede og meistring, og eg får ei kjensle av å vera i flyt, seier han.