nyhende
Mange storkosa seg i Valestrand denne laurdagen – sjå bilete frå kulturfestivalen
Dersom du denne helga er lysten på kunstutstillingar, dans, teater, konsertar, barneaktivitetar, kaffimat og sosial fellesskap, treng du ikkje reisa lenger enn til Valestrand.
Den fyrste store kulturfestivalen i Sveio er allereie over halvvegs.
Ei solid festivalopning med både teater og konsertar fredag kveld vart følgd opp med ein samansett og variert laurdag.
I 11-tida i dag var det nokså roleg på Einstadbøvoll gard, der festivalen er stasjonert. Då klokka hadde passert 12.00, derimot, byrja folketalet å ta seg drastisk oppover. Dét kunne ein merka på køen ved kakebordet mellom anna.
Folk i alle aldrar var til stades for å få ein aldri så liten smak på kulturlivet i Sveio.
I gardshusa var det duka for kunstutstillingar og handel. Ein kunne kjøpa målarstykke, bilete, keramikkfigurar, smykke og meir.
På benkar, steinmurar og frodige bakkar rundt om i området sat folk seg ned med kaffi, pølse og kake.
Lenger nede på gardsområdet gjorde Sveio kulturskule og Kick Dansestudio seg klare til danseførestilling på den store scena. Munter musikk, synkroniserte rytmar, sol og feststemte tilskodarar medverka til god og humørfylt stemning på gardstunet i Valestrand denne dagen.