nyhende
Gabriel (6) krasja med gokart og vart send til sjukehus. Då fekk han ein god idé.
Gokart-ulukka Gabriel Gravelsæter-Gravdal frå Sveio vart utsett for sist veke, planta ein noko uvanleg idé i hovudet på han: Å selja ved for å få pengar til ny gokart-hjelm.
Gabriel er med i motorklubben NMK Haugaland, som held til like utanfor Haugesund sentrum.
På ei gokart-trening sist veke gjekk underhaldninga raskt over i dramatikk: Gabriel var uheldig og køyrde på ein annan gokart i høg fart, fór opp i lufta og snurra rundt, for så å landa opp ned på gokartbanen.
Tilskodarane som stod rundt banen, slo alarm fort som svint, og Gabriel vart send til Haugesund sjukehus for eit to dagar langt opphald.
Uvanleg idé – sal av ved
Med berre eit lite skrubbsår på haka kom guten elles uskadd frå hendinga – heldigvis. Dét gjorde derimot ikkje hjelmen hans, som vart full i riper. Òg store delar av lakken var borte.
Difor bestemte Gabriel seg for å samla inn pengar til ein splitter ny hjelm, på ein måte utanom det vanlege: Då han vart utskriven frå sjukehuset, gjekk han rett ut i skogen med saga på slepet. Etter kort tid hadde han saga store mengder ved, som han no har lagt ut for sal. Gabriel sagar veden på eiga hand ved hjelp av handsag, medan faren hans kløyver vedkubbane i mindre vedskier.
Om dagane står Gabriel og sel veden i det gamle busskuret i Auklandshamn nedanfor huset sitt, og ein ny gokart-hjelm er allereie i boks.
— Han har selt godt med ved til no, seier faren Jan Øyvind Gravdal.
Allsidig sjåfør
Men ikkje er Gabriel berre oppfinnsam, idérik og nevenyttig. Han er òg ein særs allsidig sjåfør: traktor, motorsykkel, ATV og gokart er blant køyretøya han meistrar.
I tillegg er han observant: Når han har fylt tilhengjaren og fraktar veden ned til det gamle busskuret for sal, ser han seg godt føre i krysset før han blinkar seg inn til andre sida av vegen.
— Kva er det aller kjekkaste å køyra, synest du?
— Motorsykkel, for det går raskast, seier den fartsglade guten.
— Men du ynskjer å halda fram med gokart, trass i det som skjedde?
Gabriel nikkar overtydande. Han synest alt som har med motor, eksos og fart å gjera, er kjekt.
Få sveibuar
Motorklubben på Haugalandet er populær, men relativt få sveibuar er medlemer.
— Så vidt eg veit, er me dei einaste frå Sveio som er med, seier Jan Øyvind Gravdal.
Han fortel at gokart er ein spanande og interessant fritidsaktivitet og oppmodar difor fleire sveibuar til å taka del i fellesskapen.
— Det er ganske små miljø på skulane rundt om i Sveio, så det kan vera kjekt for ungar å vera del av noko større, held Gravdal fram.