nyhende
Svein Magne premiert for verdfull innsats
Det verdfulle arbeidet Svein Magne Vikse utrettar for lokalsamfunnet, har gjort han til Vestavind sin fyrste mottakar av sommarbuketten 2022.
Sommaren er her, og det tyder at Vestavind vil dela ut ein sommarbukett til lokale eldsjeler kvar veke i tida framover.
Svein Magne Vikse får æra av å innvia serien. Fleire av lesarane våre har nominert denne karen med godt grunngjevne argument: Han har laga eit hav av turløyper på Vikse, med både skilting og kart. Somme stader har han til og med sett opp skilt med historiske forteljingar knytte til dei ulike stadene i terrenget.
Motiverande
Svein Magne har gått mange turar på Vikse opp gjennom åra. Etter kvart fann han ut at han ville gestalta eit omtykt og attraktivt turområde i grenda si. I 2015 gjekk han difor i gang med det friviljuge arbeidet sitt i turområdet på Vikse, og sidan den gong har det gått slag i slag: Vikse er no utrusta som fullkome og komplett turområde, både for liten og for stor.
Han ser at turstigane vert flittig brukte, og han synest det er kjekt og gjevande å medverka til at folk kjem seg ut i naturen.
— Målet er å gjera turstigane brukarvenlege og å hindra at det oppstår sørpehol i gangane. At folk bruker løypene, er veldig motiverande, seier han.
Ettertrakta
Svein Magne jobbar deltid som industriarbeidar i Aibel i Haugesund. Difor har han brukt store delar av den ledige tida si på 100 prosent friviljug innsats i turområdet på Vikse.
Det grundige arbeidet hans har gjort han særs ettertrakta på den friviljuge arbeidsmarknaden.
— Eg har fått førespurnader om å gjera liknande arbeid andre stader i Sveio, men eg har diverre måtta takka nei. Eg har ikkje kapasitet til det, seier han.
Det er stort sett om vinteren og tidleg på våren han driv med vedlikehald av løypene, men han har ofte med seg ei greinsaks i lomma når han er ute og går. På den måten klarer han å halda vegetasjonen i sjakk året rundt.
«Vanvitig»
Ein av tipsarane våre fortel at Svein Magne har brukt uteljelege timar på turløyper til rekreasjon og glede for turgåarane i området, og at det dreiar seg om «eit vanvitig arbeid, som fortener heider og ære».
Vestavind vil på bakgrunn av dette gjera Svein Magne Vikse ein blomebukett rikare. Dei flotte, rosa peonane står no i ein vase på stovebordet til den ihuga turløype-skaparen frå Vikse.
— Eg er glad for buketten og dei som set pris på arbeidet mitt, seier Svein Magne.