nyhende
Byggjer ny brannstasjon til 44 millionar
Under kommunestyremøtet måndag vart det avgjort å bruka kring 44 millionar kroner på ein ny brannstasjon i Sveio sentrum. Fleire kommunale tenester vert samlokaliserte i nybygget.
Manglane ved den noverande brannstasjonen i Sveio sentrum dreiar seg mellom anna om at korkje planløysinga, arealet eller dei tekniske anlegga oppfyller Arbeidstilsynet sine krav om til dømes stettande HMT (helse, miljø og tryggleik) og arbeidslokale.
No har kommunestyret avgjort å riva den gamle brannstasjonen og erstatta han med eit nytt bygg, der brannvesenet og avdelingane for vatn og avlaup, veg og kyrkje skal samlokaliserast.
Starta før pandemien
Ynsket om ein ny brannstasjon i Sveio sentrum vart presentert allereie i starten av 2020, like før koronaen gjorde sin entré.
To alternativ låg den gongen på bordet: Det eine var å rehabilitera og laga tilbygg på eksisterande brannstasjon, i tillegg til å rehabilitera og utvida eksisterande vegstasjon til bruk for tilsette innan vatn, avlaup, veg og kyrkje (heretter omtala som VVAK). Òg ei vurdering av hall/telt til lagring av utstyr inngjekk i dette alternativet.
Den andre mogleiken innebar å byggja ny brannstasjon for brannvesenet på ei tomt nedanfor Sveio Auto, slik at den gamle brannstasjonen og den gamle vegstasjonen kunne takast i bruk av VVAK. Begge dei to eksisterande bygga hadde ein i så fall måtta utbetra med garderobar, ventilasjon og hall/telt til utstyr.
Under kommunsetyremøtet i februar 2020 vart det avgjort å jobba vidare med det fyrste alternativet. Kostnadene på prosjektet vart estimerte til å hamna på om lag 23,3 millionar kroner.
For dyrt
Då det etterfølgjande utreiings- og teiknearbeidet kom i gang, vart kommunen etter kvart medviten om at prosjektet hadde fleire veikskapar og problematiske følgjer: Å ha brannvesenet og VVAK i to separate bygg ville i praksis seia at begge tenestene ville få eigne garderobar, pauserom og tekniske rom til dømes. Dessutan ville løysinga kommunen jobba med, verta langt meir kostesam enn tenkt, i og med at løysinga måtte stetta krava til Arbeidstilsynet og Haugaland Brann og redning, samt punkta i plan- og byggingslova.
Det er kommunen sitt ansvar å etablera eit brukeleg og akseptabelt arbeidslokale for brannvesenet. Ved eventuelle manglar vil Arbeidstilsynet kunna senda kommunen ei varsling om dagmulkt (bot), noko som har ført til at kommunen den siste tida har jobba med å fatta eit byggjevedtak snarast.
Vedtok ny løysing
Difor er nye alternativ no komne på banen att. Kommunestyret gjorde måndag eit samrøystes vedtak om å følgja rådmannen si ferske tilråding: Å etablera eit fellesbygg for brannvesenet og VVAK, der begge tenestene deler på nokre areal og tekniske anlegg. Dette vert vurdert som ei god løysing i samband med den daglege drifta, som til dømes reinhald, energibruk, vedlikehald og liknande.
Gjennom eit fellesbygg vert dessutan arbeidstakarane på staden tettare samla, noko som ifølgje kommunen kan skapa betre samarbeid og ei kjensle av tilhøyrsle på arbeidsplassen. Å samlokalisera arbeidstakarane vert altså sett på som konstruktivt for både arbeidsmiljøet og tenesteytinga.
Vedtaket frå måndagen tilseier òg at kommunen vil løyva kring 44 millionar til å gjennomføra byggjeprosjektet, med atterhald om at eventuelle prisaukar og endringar i marknadsøkonomien vil kunna påverka den økonomiske ramma kommunen har sett.
Vurderer solceller
Under kommunestyremøtet kom John Kristian Økland frå Sveio Høgre med eit framlegg til tilleggspunkt i vedtaket om den nye brannstasjonen. Punktet han føreslo å leggja til, dreia seg om omsynet til miljø og klima.
— Eg kan ikkje sjå at det er teke høgde for miljø- eller klimavenlege løysingar med tanke på solceller og liknande knytte til dette prosjektet, sa Økland.
Han la deretter inn eit framlegg til tilleggspunkt i vedtaket, som ljoda slik:
— Eg har lagt inn eit framlegg om at det vert teke med opsjon på solceller på bygget.
Kostnadsramma på dette punktet vart under møtet sett til 700.000 kroner. Både tilleggspunktet til Økland og den føreslegne kostnadsramma fekk medhald og vart dermed samrøystes vedtekne.