nyhende

Flyplasstilsette ved Bergen lufthamn Flesland er blant dei 160 som kan bli tekne ut i streik frå tysdag. Arkivfoto: Marit Hommedal / NTB / NPK
Flyplasstilsette ved Bergen lufthamn Flesland er blant dei 160 som kan bli tekne ut i streik frå tysdag.

160 flyplassarbeidarar kan gå ut i streik frå tysdag

160 flyarbeidarar blir tekne ut i streik tysdag om Fellesforbundet og NHO Luftfart ikkje blir samde i meklinga som har frist ved midnatt måndag.

Publisert Sist oppdatert
NPK-NTB: Fellesforbundet og NHO Luftfart går til mekling etter at resultatet på Flyoverenskomsten vart stemt ned. Partane møtest hos Riksmeklaren måndag 20. juni, med frist midnatt same dag.

Dersom partane ikkje blir samde i meklinga, blir 160 av medlemmene i Fellesforbundet tekne ut i streik frå tysdag.

Dag-Einar Sivertsen, forhandlingsleiar i Fellesforbundet og forbundssekretær, seier at dei er motiverte for å finne ei løysing, men at både delegasjonen og medlemmene er kampklare om det skulle bli nødvendig.

– Viss denne bransjen skal vere konkurransedyktig på å tiltrekkje seg dei rette folka, må vi sjå ein progresjon i utviklinga av lønnsnivået i overeinskomsten. Vi har ei svært krevjande mekling framfor oss der manglande reallønnsutvikling på overeinskomsten har det klare fokuset vårt, seier Sivertsen.

Flyovereinskomsten mellom NHO Luftfart og Fellesforbundet omfattar bakkemannskap som flyteknikarar, mekanikarar, stuarar, sjåførar, reingjeringspersonell og personell knytt til lasting og lossing og ekspedisjon.

I det første uttaket har Fellesforbundet varsla plassfråtreding for medlemmer i Aviator i Bergen og Widerøe Ground Handling i Trondheim.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS