nyhende
I kveld har Sveio noko å revansjere
I kveld tar Sveio IL i mot Ølen IL på eiget gras. Raudtrøyene har mykje å revansjere frå serieopninga mot same motstandar i vår.
Sveio IL innleia årets sesong på bortebane mot Ølen. Det vart stygt. Heimelaget lét ikkje gjestane få fred før dei hadde sett 12 ballar i nota.
Men det er lenga sida no.
— Eg trur me kan slå Ølen i kveld, seier ein optimistisk spelande assistenttrenar Aasmund Bakke Handeland til Vestavind.
Tre på rad heime
Sveio innleier haustsesongen med tre strake heimekampar. Ølen i kveld. Neste torsdag kjem Torvastad 2 på besøk, og 29, august står Trott 2 for tur.
— Målet må vere å ta poeng i dei kampane me ikkje fekk poeng frå i vår. Så får vi sjå kort langt opp på tabellen me kjem, seier han.
Tabellen før kveldens kamp:
Han legg til at i 6. divisjon er det vanskeleg å spå så mykje på førehand, då mange av laga som er god om våren, kan ha miste viktige folk til hausten.
Sveio IL stiller stort sett med same stall som avslutta vårsesongen med ein fin 7-0 siger over Vard 3 den 29. juni.
— Det er ingen spelarar som har slutta hos oss. Tvert om er det nokre unggutar som har spelt før, som har kasta seg med igjen no, fortel han.
Kjekkast på gras
Kopervik 2 leiar 6. divisjon avdeling 4, etter 8 strake sigre og dermed 24 poeng. Sveio ligg på 7. plass med 9 poeng. I vår spelte Sveio berre tre heimekampar. Det enda med to sigre og ein uavgjort.
Om den fine heimestatistikken held fram står att og sjå, Handeland håpar i alle fall på god støtte frå heimepublikum.
— Det plar vere bra trykk, spesielt når me har graskampar, seier han.
Og graskampar håpar han at det blir fleire av utover hausten. Men etter kvart som det blir mørkare om kveldande kan det blir vanskeleg, då må dei i utgangspunktet flytte til kunstgraset som har flaumlys.
— Eg ser ikkje vekk i frå at me kan flytte ein kamp eller to frå midt i veka til helg, då kan me i så fall spele midt på dagen på gras, legg han til.