nyhende

Linn Therese Erve går inn i neste års valkamp som Sveio Ap sin ordførarkandidat. FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Linn Therese Erve går inn i neste års valkamp som Sveio Ap sin ordførarkandidat.

Ønskjer seg fire nye år som ordførar

Om veljarane vil, så er Linn Therese Erve (40) klar for å gå på ein ny periode som ordførar i Sveio kommune etter valet neste haust.

Publisert Sist oppdatert

Linn Therese Erve har takka ja til ein førespurnad frå Sveio Ap si nominasjonsnemnd, om å stå øvst på Arbeiderpartiet sin nominasjonsliste framfør kommunevalet i 11. september neste år.

— Eg brenn for utvikling av Sveio-samfunnet, og eg har lyst til å jobba vidare med og ta i mål dei store prosjekta me er i gang med, seier ho til Vestavind.

Ho tenkjer mellom anna på arbeidet med å få på plass nytt basseng, ny idrettshall og ny barnehage i Sveio.

— Og eg har lyst til å jobbe vidare med å utvikle næringslivet i kommunen. No er Sveio Næringsforum oppe og går igjen, og eg har lyst til å vere med og bidra til næringsutvikling i kommunen, legg ho til.

Permisjon frå advokatjobb

Erve, som er busett på Rophus og har vakse opp på familiegarden på Erve ved Ålfjorden, er inne i si tredje periode i kommunestyre. Dette er hennar første periode som ordførar. For å kunne gjere teneste som ordførar, har ho permisjon frå jobben sin som advokat i Responsa AS. Skulle Ap sikre seg ordførarposisjonen også etter valet neste haust, så blir det fire nye år med permisjon frå ein kvardag med lovbøker, paragrafarar og klientar.

Eit eventuelt til saman åtte års fråvær frå jobben ser ho ikkje mørkt på. Tvert om.

— Eg ser framleis på meg sjølv som ung, og at eg framleis er det om fire år. Og i rolla som ordførar dreg ein med seg mange erfaringar som kan vere nyttige i advokat-tilværa, seier 40-åringen.

Dramatisk i 2019

Ordførarvervet fekk Erve eit godt stykke på overtid etter valet i 2019, etter ein dramatisk innspurt på forhandlingane mellom partia. Den gongen fekk Ap rett nok flest røyster (28,4 prosent).  Men så slo Sp, H, KrF og MDG seg på lag og sikre fleirtal. Då såg det ut til at Monica Vandaskog Valen (Sp) og Lars Einar Hollund (H) skulle få kle høvesvis ordførar og varaordførar-vervet.

Men dramaet var langt frå over. På tampen av prosessen fristilte Høgre-kandidatane Stian Nygård og Ole Johan Sveen seg sjølve, ved å melde seg ut av partiet sitt. Dei to gav i staden si støtte til Ap og Frp, og dermed kunne Erve likevel ikle seg ordførarkjeet, mens Frp-veteranen Ruth Østebøvik Eriksen (58) vart varaordførar.

Førebels er det ingen andre parti enn Ap i Sveio som har peika ut ordførarkandidatar framfor neste val.

Powered by Labrador CMS