nyhende
Desse vil leie ny eining i Sveio
Sveio kommune omorganiserer, og skal tilsetje leiar for eining samfunnsutvikling. No er søkjarlista klar.
Sveio kommune samlar funksjonar knytt til næringsutvikling, delar av kulturområdet og folkehelse, inn ei ny eining kalla samfunnsutvikling.
— Omorganiseringa er ein prosess med har jobba med gjennom året, seier kommunalsjef for teknisk, Kenneth Tollefsen.
Fleire sveibuar
Kommunen har bistand frå rekrutteringsselskapet Human i jakta på leiar av den ny eininga. Søknadsfristen gjekk ut måndag denne veka, og mellom 12 søkjarar er fleire sveibuar.
Mellom desse er Marit Persen Liknes, som i dag er rådgjevar for kultur og idrett i Sveio kommune.
Mellom andre sveibuar er Bente Kvilhaugsvik som er førstelektor ved Høgskulen i Vestland, John Håkon Næss som er HMS-koordinator i Haugaland Brann og redning og den Haugesund-busette sveibuen Jan Reinert Vestvik som i dag er senioringeniør i Sjøfartsdirektoratet.
Eks-rådmann søkjer
Blant andre eksterne søkjarar er tidlegare Etne-rådmann Pål Nygård, som i dag er rådgjevar i Karmøy kommune.
— Me er nøgde med talet på søkjarar, og at det er fleire gode kandidatar, seier Kenneth Tollefsen som håpar at stillinga er i funksjon på denne sida av nyttår.
Her er alle søkjarane til stillinga som leiar for samfunnsutvikling i Sveio kommune:
Åshild Rygg Tonning (45), rådgjevar, Stord
Bente Kvilhaugsvik (61), førstelektor, Sveio
Bente Marie Johansen (57), rådgjevar, Stavanger
Jan Reinert Vestvik (40), senioringeniør, Haugesund
John Håkon Næss (56), HMS-koordinator, Sveio
Marit Persen Liknes (61), rådgjevar, Sveio
Nikoo Mohajermoghari (27), medarbeidar, Trondheim
Pål Fidjestøl (52), fagsjef, Bergen
Pål Nygård (46), rådgjevar, Haugesund
Silje Helene Dahle (26), omsetjar, Karmøy
Stine Lise Espeland (25), samfunnsplanlegger, Vindafjord
Vilde Hjertjolm Lunde (36), butikkmedarbeidar, Stord