nyhende
— Ikkje morosamt å gå etter enkeltpersonar
Det tidlegare styret i stiftinga Sveio Bufellesskap blei møtt med ei viss medkjensle hjå motparten sin advokat då ankesaka mot dei starta måndag. Men han står fast på at dei er ansvarlige for å betale millionbeløp til Overføringsavtalens Sikringsordning.
— Styret har nok ikkje visst om denne forpliktinga som stiftinga hadde, sa advokat Sven Iver Steen under sitt innleiingforedrag i Gulating lagamannsrett i Haugesund måndag.
Då var det klart for den første av tre dagar med ankeforhandlingar i saka som Sikringsordningan har reist mot fire tidlegare styremedlemmer i det konkursråka Sveio Bufellesskap. Saka handlar kort forklart om manglange innbetaling av eit såkalla avviklingstilskot. Eit tilskot som skal dekke Sikringsordningen sine tap knytt framtidige reguleringar av stiftinga sine pensjonsforpliktingar.
Vestavind omtalte søksmålet sist veke. Grutle og Mølstre gav då uttrykk for at dei syntes det var urettferdig å bli stilt til ansvar for noko som korkje rekneskapsførar, revisor eller stiftinga sin advokat hadde skønt av. Ingen forstod kva avviklingstilskot var for noko, då kravet - som opphaveleg var på meir enn 4,6 millionar hamna i postkassane til dei saksøkte.
Aksepterte ikkje premissa for dommen
Sikringsordningen og deres advokat mistenker ikkje dei fire saksøkte, Brit Elin Hovda Mølstre, Leif Grutle, Ingrid Pedersen Furdal og Sunniva Eldøy og for å ville skaffe seg personleg vinning ved å la vere å syte for at Sveio Bufellesskap ikkje betalte avviklingstilskotet. Steen la i retten til at det ikkje er noko morosamt å gå etter enkeltpersonar, slik dei gjer no. Men at styret i Sikringsordningen ikkje kan akseptere at eit styre ikkje har kunnskap om forlplitingar ein tek på seg.
— Hvis det er berre å seie at ein ikkje visste, og så er alt greit, då vil ordningen miste sin funksjon, sa han.
Han brukte det meste av sitt foredrag på å argumentere for at styret hadde plikt til å setje seg inn i avtalar tidlegare daglege leiarar hadde signert på, knytt til pensjonsavtalen med KLP. Det var ved å underteikne denne avtalen at stiftinga også forpliktet seg til Overføringsavtalens Sikringsordning, og medfølgende krav om å betale eit avviklingstilskot.
— Dette var den største økonomiske forpliktinga stifitnga hadde under si drift, poengterte Steen i argumentrekka for at styret burde vist større interresse for pensjonsavtalene.
Dugnadsarbeid
Dei saksøkte sin advokat, Jens Otto Haugland, meinte på si side at motparten sin advokat forenkla spørsmåla kring ansvarhøva for styremdlemmene veldig, og han meiner styret sin uvitenheit om avviklingtilskotet er unnskyldig. Han meiner følgeleg at tingrettsdommen er rett og at anken bør bli forkasta. Og om dei fire blir kjend erstatningspliktig, så meiner han at at 600.000 kroner vil vere eit mer rett beløp enn dei 1,6 millionane som Sikringsordningen krev.
I retten la han til grunn at dei saksøkte hadde tatt på seg sine styreverv på eit ideelt grunnlag, og at dei såg på det som eit dugnadsarbeid. Og at ingen kan forvente at dei skulle ha satt seg inn i drifta på eit så detaljert nivå som motparten meiner.
Haugland meiner styret tok riktige grep vedavviklinga, mellom anna ved å engasjerte advokat for å sikre at alt skulle gå rett for seg.
Ankeforhandlingane var ikkje ferdige då Vestavind gjekk i trykken onsdag. Det er ikkje kjent når lagmannsretten, leia av lagdommar Knut Harald Bratthen, kan presentere ei avgjerd i saka.