nyhende

Skyttarane frå Noreg tapetserte pallen under Nordisk meisterskap i bane for ungdom fredag. Meister Olve Grønås Birkeland frå Sveio i midten, saman med sølvvinnar Julianne Skallerud Brekke og bronsevinnar Tor Christian Mathisen.FOTO: PRIVAT
Skyttarane frå Noreg tapetserte pallen under Nordisk meisterskap i bane for ungdom fredag. Meister Olve Grønås Birkeland frå Sveio i midten, saman med sølvvinnar Julianne Skallerud Brekke og bronsevinnar Tor Christian Mathisen.

Birkeland blei nordisk ungdomsmeister

Skyttaren Olve Grønås Birkeland (19) frå Sveio vart fredag nordisk ungdomsmeister på bane, for andre gong i karrieren.

Publisert Sist oppdatert

Nordisk meisterskap i skyting går av stabelen i Follo denne helga. Og fredag ettermiddag gjekk sveibuen Olve Grønås Birkeland til topps med 347 poeng og solide to poeng i margin til sølvvinnar Julianne Skallerud Brekke frå Råde.

Likt før finalen

Dei to låg likt på poeng før finalen, men Julianne Skallerud Brekke måtte sjå tre niarar kome opp på skjermen då ho fekk presentert skiva si. Ho enda dermed på 345 poeng. Det heldt til sølv, framfor Tor Christian Mathisen frå Bamble som fekk 343 poeng.

Så var det Olve, som skaut på skive 1, sin tur til å få sjå sitt resultat.

— Det var heilt ok, men det er mykje puls og mykje press, sa han om sin eigen skyting i eit intervju på skytestadion før han hadde fått sett skiva si.

Då den kom opp var det ein særs glad 19-åring frå Sveio som braut ut:

— Jaaaa!!!!

Tredje tittel – andre på bane

Det er andre gong at Birkeland, som representer Haugesund og Sveio skytterlag, blir nordisk meister på bane. Første gang han vann, var under den siste meisterskapen før pandemien sette ein pause for konkurransen.

Då det vart opna for konkurransar igjen i fjor vart han nordisk meister i feltskyting.

Laurdag står feltskytinga på programmet i Follo, og Olve Birkeland er rekna blant favorittane også der.

Powered by Labrador CMS