nyhende

Harry Lie og Lailia Vikse Lie ved næbrutikken i Valevåg skrudde av fleire maskinar for å spare på straum. No ligg dei an til å få straumstøtte frå kommunen.ARKIVFOTO: THOMAS VALLESTAD DRAGESET
Harry Lie og Lailia Vikse Lie ved næbrutikken i Valevåg skrudde av fleire maskinar for å spare på straum. No ligg dei an til å få straumstøtte frå kommunen.

Skrur av frysarar for å spare straum

Nærbutikkane i Valevåg og Auklandshamn sine straumrekningar ligg no på rundt 50.000 kroner kvar, og er meir enn tredobla samanlikna med i fjor. No spøker det for framtida om dei ikkje får hjelp frå det offentlege.

Publisert Sist oppdatert

— Vanlegvis betaler vi mellom 12.000 og 16.000 koner, og no er den passert 50.000. Det går ikkje om vi får fleire slike månader, seier Laila Vikse Lie.

Saman med mannen Harry Lie eig ho nærbutikken på Valevåg. Den har vore eit samlingspunkt for lokalsamfunnet i mange år, men trugast no av høge straumutgifter.

— Vi er avhengige av at det skjer noko, elles er det kroken på døra, seier Harry.

Dei etterlyser stønad frå det offentlege og fortel at det er ein stor byrde å leve i uvissheita.

Redningsakjson

— Signala frå det offentlege er å halde ut. Vi har prøvd i fleire månader. Kor lenge skal vi halde ut, spør ho.

Då det ikkje ser ut til å kome noko hjelp frå myndigheitene, har lokalbefolkninga starta ein innsamlingsaksjon for å hjelpe.

Over 50 000 kroner i straumrekning denne månaden for nærbutikken i Valevåg.

Valevåg Bygdalag har starta ein Spleis-aksjon som har mål om å samle inn 50.000 kroner, ein sum som utgjer nærbutikken sin månadlege straumrekning. Så langt har dei nådd 30.000 kroner, med 80 forskjellige gjevarar.

På nettsida til Spleis etterlyser bygdalaget handling frå myndigheitene, i form av straumstønad til små verksemder.

— Det er rørande å verte hjelpt av lokalsamfunnet, og ein skuffelse at det offentlege ikkje hjelp, seier Laila.

Harry Lie og Laila Vikse Lie er takksame for spleis-aksjonen som bygdalaget har sett i gang.

Ho og mannen er imponert over kva dei lokale har fått til, med både loddsal og intimkonsert til inntekt for butikken.

Søvnlause netter

Drifta i år kjem til å gå mykje i minus grunna straumprisane. Sal og omsetning har ikkje endra seg for nærbutikken, berre utgiftene. Bakom tala som ikkje lenger går opp, er det ei påkjenning som ikkje kan talfestast.

— Eg må sei det har vore ein del søvnlause nettar. Legg vi ned blir vi til en belastning for stat og kommune, i staden for seks arbeidsplassar som skattar til Sveio, seier ho.

Både Laila og Harry kjenner på eit ansvar for lokalsamfunnet og konsekvensar ein nedlegging vil ha.

— Dør butikken så dør skulen, og då startar fråflyttinga. Det er det same med Auklandshamn, seier Harry.

Eiger av nærbutikken i Auklandshamn, Åse Marie Økland, er einig med Harry og Laila. Ho har gått frå en gjennomsnittleg straumrekning på 10.000-12.000 kroner til 48.000 kroner for denne månaden.

Åse Marie Økland fortvilar over straumrekningane som kjem no. Dette bildet var tatt i desember, då rekninga var på litt over 30.000 kroner. No har den månadlege rekninga krype opp i nesten 50.000 kroner.

Tidlegare i år vart det samla inn pengar også til denne butikken gjennom ein Spleis-aksjon som ein privatperson med tilknytting til bygda tok initativ til. Då den vart avslutta hadde det kome inn over 30.000 kroner.

Sparar der dei klarar

Butikkeigarane i begge bygdene er innforstått med at dei må spare så mykje som mogeleg, men straumsparande tiltak har ei grense. Nokre apparat må være på heile tida. I Valevåg har dei skifta ut fleire brus-skap, ein kjøl, og dei har skrudd av ein fryseboks.

48 129,71 kr står det på den siste fakturaen frå Haugaland Kraft til nærbutikken i Auklandshamn,.

I Auklandshamn tel Åse Marie ni avslåtte maskinar. Frysen på lageret vart skrudd av, no er det frys berre i sjølve butikken.

— Vi er i ein gisselsituasjon, fordi vi må ha på maskinane døgnet rundt for å helde på varene. Det finst ikkje fleire stader å spare. Vi er på smertepunktet, seier ho.

Råkar kommunen

Ei nedlegging av nærbutikkene vil gi svært negative ringverknadar for heile Sveio, seier konsulent for Lars Helgeland i Merkur, eit program underlagt Kommunaldepartementet.

Der jobbar Helgeland med å sikre distrikta tilgang til nærbutikkar. Han har 27 års erfaring,  og god kjennskap til butikken på Valevåg.

— Nærbutikken er veldig utsett, fordi folk bor der men jobbar i byen. Då vert det ofte handelslekkasje, altså at man handlar andre stadar enn i nærområdet sitt, seier han.

Helgeland ber folk om å handle lokalt hvis man ynskjer å behalde butikken.

Han meinar eigarane legg ned ein betydelig dugnadsinnsats, altså langt utover det ein vanlegvis kan forvente av næringsdrivande.

— Det er eit turistkontor, ein stad å låne toalett, eit samlingspunkt, og det har ein viktig sosial rolle.

Lars Helgeland er konsulent for Merkur-programmet.

Han utfordrar også kommunane. Han seier at ei nedlegging av nærbutikkane vil auke kommunen sine utgifter samtidig som inntektene synker.

Helgeland understrekar at levedyktige nærbutikker heng saman med alt anna i lokalsamfunnet, og seier at utan butikk vert det håplaust med nye tilflyttarar, og verdi på både boliger og hytter synker.

— Eit grep kan vere å sjå på kommunen eigne innkjøp, og om kommunen kan handle sine eigne forbruksvarer lokalt i bygdene, seier han.

Powered by Labrador CMS