buavåg ferje fjord1 ferjesamband kai ferjekai
Buavåg-Langevåg-sambandet stegte torsdag kveld, grunna uvêr.

Hausten er her: Uvêr tvang ferja til kai torsdag kveld

Haustens første vêr-innstilte ferjeavganger på Bømlafjorden er eit faktum torsdag kveld.

Fjord1 har innstilt sambandet Buavåg-Langevåg ut kvelden. Det er sterk vind på som er årsaka, melde reiarlaget klokka 21.45 torsdag.

Det er ifølgje yr.no venta vindkast på opp mot 22 meter per sekund frå nord rundt midnatt i Langevåg-området, kor ferja no ligg til kai.

Vinden er venta å roe seg utover natta, før den tek seg opp igjen fredag ettermiddag, då med kast på opp mot 20 sekundmeter.