nyhende
No gjer dei fleire ting enn planlagt på E39 gjennom Sveio
Den 2,8 kilometer strekninga frå Solheim i Førde til Håvardsholm-krysset på E39 får meir tryggleik enn først planlagt.
Det er eit såkalla trafikksikringstiltak Statens Vegvesen og deira entreprenør Vassbakk og Stol AS held på med på prosjektet som formelt heiter E39 Solheim-Bårvågsvatn.
På den aktuelle strekka har det berre sida 2010 vore 10 registrerte møte- og utforkøyringar. Håpet er at dette vil gå monaleg ned etter at mellom anna fleire bergknausar er sprengde vekk og mykje skog er høgd vekk. Dermed får vegen ein betre kurvar og dei om lag 6.000 køyretøya som kvar dag brukar vegen får mykje betre sikt.
I tillegg blir vegen om lag ein meter breiare, og får såkalla forsterka midtoppmerking, eller rumlefelt om du vil. Og kanskje viktigaste. Håvardsholm-krysset blir utbetra med eigne avkøyringsfelt og i Austvik-krysset forbetrast kryssutforminga.
Får gatelys
Byggeleiar Knut Stian Rimmereid i Statens Vegvesen har ei gladmelding. Det blir også gatelys langs heile strekninga. Klargjering for gatelys låg inne i anbodet, sjølve gatelysa har ligge inne som ein opsjon, og den har vi bestemt oss for å nytte oss av, fortel Rimmereid.
Han fortel at det dessutan blir utført fleire tiltak i sideterrenget ved vegen enn det som først var planlagd.
— Ein god del planlagt rekkverk blir erstatt med betre sideterreng og dermed forbetrast sikta gjennom svingane, fortel han.
Han presiserer at det ekstra arbeidet er innafor dei økonomiske rammene dei har hatt.
Det opphavelege budsjettramma var på 41,5 millionar, men etter at andre avdelinga har sett nytte av nokre ekstra tiltak er den samla ramma no på rundt 45 millionar kroner.
Krevjande jobb
Entreprenøren sin anleggsleiar, Toralv Sørhus, beskriv prosjektet som krevjande, men at alt har gått etter planen og utan personskade på korkje personell eller forbipasserande. Jamt over har entreprenøren hatt 15 mann på prosjektet dagleg.
— Med tanke på kor mykje vi har sprengt så nærme vegen, og over ei så langt strekning, vil eg seie det er knallbra jobba av alle dei som held på her, seier han.
For ordens skuld: Trafikken er stansa heilt under sprenginga, som har føregått når det er minst trafikk i området, mellom morgonrushet og lunsjtider.
Samarbeidet med bilistane har også gått greitt, sjølv om mange har måtte venta i inntil 20 minuttar under sprengingsarbeida.
— Det har gått veldig fint. Bilistane viser forståing for kvifor vi held på. Det er jo alltids nokon som meiner ting kunne vore gjort betre, men her har vi faktisk fått ein del skryt, fortel Rimmereid.
Berg og skog fjerna
Til saman skal det sprengjast vekk 29.000 kubikk med stein. Berre 4.000 står att. Størstedelen av sprenginga er knytt til berget på vestsida av Håvardsholm-krysset. Massane ein sit att med sprenginga er for det meste brukt i vegprosjektet. Det er også tatt ut ein del skog. Noko har gått til sagtømmer, noko til ved, men det meste har gått til flisfyringsanlegg i Haugesund og på Karmøy. Vegvesenet er i dialog med grunneigar om å ta nokre trær til, som dei ser vil kunne nå vegen ved rotvelte.
I høve til den opphavelege planen skulle prosjektet vere ferdig i november i år. Men grunna dei nemnde utvidingane av prosjektet ligg det no an til at den siste finpussen blir tatt til våren.
— Den utvida delen av vegen blir asfaltert i desse dagar, mens det blir lagt asfaltslitelag på heile vegen til våren. Fresing av forsterka midttoppmerking vil då skje til slutt, fortel Rimmereid.
Gatelysa kjem derimot opp i haust.
Drange-Hanaleite neste
Når Solheim-Bårvågsvatn står ferdig til våren, håpar Statens Vegvesen å kunne ta fatt på jobben med tilsvarande oppgradering frå Førde og Sørover, i prosjektet «E39 Drange-Hanaleite.»
«Prosjektet samordnar fleire trafikksikringstiltak på strekningen slik som forsterka vegoppmerking, sideterrengtiltak, breiddeutviding og tilrettelegging for veglys for å redusere møte- og utforkøyringsulykker. Busshaldeplassar som arbeida har følgjer for, skal oppgraderast. Samtidig skal det sjåast på løysing for framtidig gang- og sykkelveg» heiter det i prosjektbeskrivinga.
Antatt kostnad er på 45 millionar kroner, inkludert bygging av gang- og sykkelveg.
— Anbodet vil etter planen bli sendt ut i haust, opplyser byggeleiar Knut Stian Rimmereid.