nyhende

Pantestuntet til ein av dei tilsette hos entreprenøren som har jobben med å ruste opp E39 har vore ein suksess.FOTO: TOR ANDRE JOHANNESSEN
Pantestuntet til ein av dei tilsette hos entreprenøren som har jobben med å ruste opp E39 har vore ein suksess.

Sjekk vegarbeidaren sitt pante-stunt

Vegarbeidaren såg seg lei av å gå og plukke flaskar og boksar som forbipasserande bilistar kasta ut vindaugene og inn i anleggsområdet. Han tok saka – og panten – i eigne hender.

Publisert Sist oppdatert

Mange bilistar har merka seg eit par plakatar som har stått ved trafikklysa som har regulert trafikkavviklinga under det pågåande prosjektet E39 Solheim – Bårvågsvatn. «Pant? Kast her!» sto det først på ein plakat, seinare på eit par til.

Det er ein av entreprenøren Vassbakk og Stol sine tilsette som såg seg lei av å sjå på at plast- og metallboksar vart hiven ut av bilvindauge langs heile prosjektet. Han sette difor opp plakaten ved trafikklyset som regulerer trafikken forbi anleggsplassen.

— Det fungerte overraskande bra. Han er like blid kvar gong han samlar opp flaskene og boksane, ler anleggsleiar Toralv Sørhus.

At «panteplakatane» ikkje er heilt i tråd med den formelle skiltplanen for prosjektet, har vegvesenet oppdragsgjevar Statens Vegvesen vald å sjå mellom fingrane på.

— Det er tross alt betre at flaskene og boksane blir samla på ein plass, enn at dei spreiast rundt i anlegget, seier byggeleiar Knut Stian Rimmereid i Statens Vegvesen.

Powered by Labrador CMS