Politiet mistenker at brannen skuldast ein teknisk feil i motoren.
FOTO: THOMAS VALLESTAD DRAGESET
Politiet mistenker at brannen skuldast ein teknisk feil i motoren. FOTO: THOMAS VALLESTAD DRAGESET

Buss med 27 passasjerar tok fyr i Sveio

Sundag kveld byrja det å brenne i ein buss i Sveio sentrum.

Det var like etter klokka 22 at politiet fekk melding om det brann i ein buss i Sveio sentrum.

27 passasjerar

Det er ein av bussene til Nor-Way Bussekspress, som har det har brunne i. Det var 27 passasjerer om bord.

Ingen personar skal ha kome til skade i brannen.

Det var 27 passasjerar i tillegg til sjåføren ombord i bussen då den tok fyr.
FOTO: THOMAS VALLESTAD DRAGESET

— Det vart oppdaga at det kom flammar ve sida av bussen. Sjåføren fekk sløkt brannen med pulverapparat, opplyser innsatsleiar Trond Børge Åsbu frå Sør-Vest politidistrikt til Vestavind.

Politiet rosar sjåføren for resolutt reaksjon

Slik politiet ser det, ser det ut som det er ein teknisk feil som var årsaka til brannen.

Selskapet har rekvirert ny buss og henta passasjerane.

Skryt av sjåføren

Sjåføren har ifølge politiet sin innsatsleiar reagert resolutt og umiddelbart.

— Eg oppfatta at passasjerane kom seg fort ut på sjåførens anbefaling, seier han.

Naudetatane kom raskt til staden.
FOTO: THOMAS VALLESTAD DRAGESET