Nils Henrik Nodland frå politiet har stansa fleire titalls dei siste dagane på Haukås.
FOTO: THOMAS VALLESTAD DRAGESET
Nils Henrik Nodland frå politiet har stansa fleire titalls dei siste dagane på Haukås. FOTO: THOMAS VALLESTAD DRAGESET

Skreiv ut bøter for nesten ein kvart million på Haukås

Utrykkingspolitiet har over to dagar hatt stoppskilt-kontroll ved krysset fylkesveg 47/E39 på Haukås. Det enda med fleire titals store bøter og eit førarkortbeslag.

— Det er eit stoppskilt her av ein grunn, det er eit særs farleg kryss, seier politibetjent Nils Henrik Nodland frå Utrykkingspolitiet.

Saman med sin makker har han stått bortanfor utkøyrselen på E39 ved Haukås både måndag og tysdag, og observert sjåførar.

Tar opp på video

— Me har stoppa 14 i dag, og i går vart det litt over 20, seier Nodland.

Politiet hadde kontroll ved E39-krysset på Haukås både måndag og tysdag.
FOTO: THOMAS VALLESTAD DRAGESET

I bilen har dei eit videokamera retta mot utkøyrselen. Det er både for deira eiga og sjåførens skuld.

— Då kan folk sjå om dei ynskjer. Og er dei ueinige med oss  kan vi vise dei kva som har skjedd, seier han.

I dette krysset hentar statskassa inn fleire hundre tusen kroner i året, fordi sjåførar ikkje stoppar for full stopp-skilta.
FOTO: GOOGLE STREET VIEW

— Er det mange som misforstår krysset?

— Det vi opplev er folk som har stått i ro lengre bak i krysset som nummer to eller tre i køen, og som trur at dei har stoppa i råd med regelverket. Men, regelen seier klart at det er ved streken ein skal stoppa og orientere seg, seier Nodland.

7.450 kroner i bot og tre prikkar

— Kva skjer om du ikkje stoppar?

— Det er eit brot som kan avgjerast med bot på staden. Då vert det 7.450 kroner og tre prikkar. Mange synast det er drøyt, og det er utan tvil dyrt. Desto større grunn til å stoppa, seier han.

Éin av dei 34 sjåførane som vart stoppa fekk førarkortet beslaglagt, grunna for mange prikkar.