Ein sjåfør fekk førarkortet beslaglagt ved kontroll på Haukås.
FOTO: ARKIV
Ein sjåfør fekk førarkortet beslaglagt ved kontroll på Haukås. FOTO: ARKIV

To mista førarkortet i fartskontroll

Politiet held onsdag kveld ein kontroll ved krysset mellom fylkesveg 47 og E39 på Haukås.

Der vart seks sjåførar gitt forenkla førelegg, melder vaktsjef ved Haugesund politistasjon, Andre Skram Hansen.

Ein person vart målt til 86 kilometer i timen i ei 60-sone og fekk førarkortet beslaglagt.

Politiet hadde og ein annan patrulje i nærleiken.

Dei målte ein sjåfør til 108 kilometer i timen i ei 80-sone, som også fekk førarkortet beslaglagt.