nyhende
Sveio bufellesskap-styremedlemmene tapte i lagmannsretten — ordføraren opnar for at kommunen kan ta rekninga
Dei tidlegare styremedlemmene i Sveio Bufellesskap har i Gulating lagmannsrett tapt søksmålet som Overføringsavtalens Sikringsordning retta mot dei. Dei fire privatpersonane sit att med ei samla rekning på nesten 1,4 millionar kroner. No skal kommunestyre vurdere om kommunen skal ta rekninga.
Vestavind har tidlegare omtalt saka kor fire tidlegare styremedlemmar i den konkursråka kommunale stiftinga Sveio Bufellesskap blei
saksøkt av Overføringsavtalens sikringsordning.Saka handlar kort forklart om at Leif Grutle, Brit Elin Hovda Mølstre, Ingrid Pedersen Furdal og Sunniva Eldøy takka ja då dei var spurd av Sveio kommune om å sitte i styret i stiftinga som først leverte barnevernstenester, og seinare andre tilbod til unge med ymse utfordringar.
Dei fire vart spurde om å sitte i styret, fordi dei hadde vist samfunnsengasjement og hadde erfaring med å arbeide med barn. Grutle, Furdal og Hovda hadde dessutan røynsle frå politisk arbeid.
Kundane til stiftinga var kommunar på Haugalandet, med Haugesund i spissen. Etter kvart trekte kommunane seg ut, og det var til slutt ikkje mogeleg å halde ope drifta. Styret søkte stiftingstilsynet om å få avvikle drifta allereie i 2017, men fekk beskjed om å avvente avviklinga. Til slutt gjekk styret til skifteretten i desember 2018. Då trudde alle i styret at deira engasjement og ansvar var over.
Men før jul 2019 fekk dei eit samla krav på rundt 4,6 millionar kroner retta mot seg. Kravet var knytt til eit såkalla avviklingstilskot, som var heimla i pensjonsavtalen stiftinga hadde teikna hjå pensjonspartnaren KLP.
Ingen, korkje dei sjølve, tidlegare dagleg leiar, rekneskapsførar, revisor eller advokaten til stiftinga forstod noko av kva eit avviklingstilsot var, då kravet dukka opp. Dei tidlegare styremedlemmane avviste kravet, noko som resulterte i at Overføringsavtalen sikringsordning, som er organet som handterer innkreving av avviklingstilskotet på vegner av mellom anna KLP, gjekk til søksmål mot dei tidlegare styremedlemmene.
Frifunne i tingretten
Dei saksøkte vann saka då Haugaland og Sunnhordland tingrett handsama saka i desember i fjor. Men motparten anka dommen. Ankeforhandlingane gjekk i Haugesund tinghus 28-31. august i år, og no har lagmannsretten konkludert med at alle dei fire tidlegare styremedlemmene likevel er personleg ansvarlege for tap sikringsordninga har lidd i saken.
Dei fire argumenterte i retten med at dei ikkje var kjende med den spesielle forpliktinga i pensjonsavtalen. Lagmannsretten legg òg til grunn at dei ikkje hadde kunnskap om dette. Men ankeinstansen meiner, i motsetnad til tingretten, at styremedlemmene like fullt var forplikta til å sette seg inn i detaljane i avtalen.
Lagmannsretten grunngjev dette mellom anna med at pensjonsavtalen, inkludert punktet om avviklingstilskot, var underteikna av tidlegare dagleg leiar i selskapet. Ein person som styret hadde tilsett, utan at vedkommande hadde særleg forretningsmessig eller økonomisk kompetanse. Dette var styret var klar over. Men likevel hadde ikkje styret sjølv tatt grep for å innhente informasjon som retten meiner dei var pliktig å skaffe seg, poengterer retten i dommen.
Det er også eit spørsmål om dagleg leiar hadde fått ein eigen instruks å arbeide etter, eller ikkje.
Etter bevisførselen legger retten videre til grunn at styret heller ikke har satt seg inn i betingelsene knyttet til de ansattes pensjonsrettigheter, men at de likevel kjente til at de ansatte hadde en «gullkanten» pensjonsordning»
«Retten vil særlig fremheve at det ikke i tilstrekkelig grad er sannsynliggjort at styret hadde utarbeidet en instruks til daglig leder. Etter bevisførselen legger retten videre til grunn at styret heller ikke har satt seg inn i betingelsene knyttet til de ansattes pensjonsrettigheter, men at de likevel kjente til at de ansatte hadde en «gullkanten» pensjonsordning», heiter det i dommen.
Ikkje fritatt for ansvar
Retten tvilar ikkje på at dei fire saksøkte stilte seg disponible som styremedlemmer av idealistiske orsakar. Men peikar på at dei like fullt hadde plikt til å setje seg inn i kva lov- og vedtektsfesta pliktar og ansvar som følgjer med å ta på seg styreverv. Retten viser her mellom anna til ei avgjerd frå Eidsivating lagmannsrett i 2011 kor det blir slått fast at eit styremedlems manglande evne og vilje til å sette seg inn i dei oppgåver vervet inneber ikkje gjev grunn frå fritak for ansvar.
Spesielt i siste halvdel av 2016, då dagleg leiar vart sjukmeldt, og styret hadde ansvaret for drifta i ei periode kor det gjekk mot avvikling. Styret engasjerte då advokat for å sikra at ting skulle gjerast etter boka i denne perioden, noko tingretten la til grunn då dei frifann dei saksøkte.
Lagmannsretten legg på si side til grunn at advokaten sitt oppdrag ikkje omfatta å kartlegge korleis pensjonsavtalen ville bli påverka av avvikling eller oppbod frå stiftinga si side.
Retten reduserte kravet
På eit punkt har Sikringordninga gått på eit skjær i ankesaka, og det gjeld storleiken på erstatninga dei skal tilkjennast. Beløpet, som først vart redusert frå fire millionar til 1,6 millionar kroner av Sikringsordninga sjølv, er av lagmannsretten redusert til 614.000 kroner.
«Ankende part har gjort en beregning, men har ikke underbygget denne. Beregningen framstår som optimalisert i forhold til hvor rask, effektivt og kostnadskrevende en tenkt behandling etter oppbud i 2017 kunne vært fortetatt. Mot denne beregningen står ankemotpartens alternative beregning som er underbygget av hvor mye tid og hvilke kostnader avviklingen faktisk innebar» heter i dommen, kor retten har lena seg på det tidlegare styremedlemmene sin advokat Jens Otto Haugland sine utrekningar.
Med sakskostnadar for tingretten og lagmannsretten står dei fire att med eit samla krav på cirka 1,4 millionar kroner om dommen blir rettskraftig.
— Frivilleg-Noreg under press
— Om dette skal vere gjeldande rett, blir heile frivillig-Noreg sett under press, seier advokat Jens Otto Haugland.
Han har vore advokat for dei tidlegare styremedlemmene i Sveio Bufellesskap. Han presiserer at han ikkje har fått analysert heile dommen, noko han har til hensikt å gjere. For han har allereie har råda sine klientar til å fremje saka inn for Høgsterett sitt ankeutval, som er dei som siler ut kva saker som skal få ei handsaming i den øvste domstolen i Noreg.
Nålauget hos Høgsterett er trongt, men Haugland trur mogelegheitene er gode for at Høgsterett vil handsame saka.
Om dette skal vere gjeldande rett, blir heile frivillig-Noreg under sett press
— Det har vore styreansvarssaker i Høgsterett tidlegare, men me har i vår saumfaring av rettspraksis ikkje funne noko som er samanliknbart med denne saka, seier Haugland.
Haugland meiner det er viktig at Høgsterett handsamar saka, som han meiner har klare prinsipielle sider ved seg.
— Kven tør vel å ta på seg verv i idrettslag eller andre ideelle verv, om dette skal blir ståande som rettspraksis, undrar han.
Mens tingretten la til grunn at dei tidlegare styremedlemmene ikkje var å laste for mangel på kunnskap om forpliktinga knytt til Sikringsavtalen og det omstridde avviklingstilskotet, legg lagmannsretten til grunn at dei tok på seg verv i ein næringsdrivande stifting, noko retten sidestillar med å vere styremedlem i aksjeselskap.
— Sjølv om dette siste skulle være korrekt, sidan det er ei næringsdrivande stifting, meiner eg at lagmannsretten har lagt til grunn eit for strengt krav til aktsamheit i dommen. Dette all den tid styremedlemmene heilt frå dei tok på seg verva blei fortalt at det var profesjonelle aktørar som tok seg av spørsmål knytt til økonomi og rekneskapsforhold i stiftinga, seier han.
Han trur mogelegheita for å vinne fram i Høgsterett er stor for klientane sine.
— I saker om styreansvar i aksjeselskap finnast det døme på at saksøkte har blitt frifunne for erstatningsansvar fordi dei har stolt på andre i selskapet, seier han.
— Noterer ein siger
At det idømte erstatningsbeløpet er redusert frå motparten sitt krav på 1,6 millionar kroner til litt over 600.000, er Haugland nøgd med.
Her meinte retten storleiken på beløpet ikkje var dokumentert godt nok, men har i staden lagt til grunn mine utrekningar. Det noterer me som ein siger.
— Det kvilar på ankande part å dokumentere kva erstatning dei meiner dei har krav på. Her meinte retten storleiken på beløpet ikkje var dokumentert godt nok, men har i staden lagt til grunn mine utrekningar. Det noterer me som ein siger, seier Haugland.
Haugland legg til at partane ikkje spring noko økonomisk risiko i høve til auka sakskostnadar ved å anke til Høgsterett. Men han presiserer at ein kan risikere at motparten vil kunne anke storleiken på erstatninga dei er tilkjend i lagmannsretten, og slik sett påføre dei tidlegare styremedlemmene eit større økonomisk tap om dei vinn fram med det.
— Men eg ser det som tvilsamt at Høgstrett sitt ankeutval vil sleppe gjennom ei eventuell anke på erstatningssummen, seier han.
Haugland reknar med at klientane hans har tatt endeleg stilling til ankespørsmålet seinast ei veke før ankefristen går ut 15. oktober.
Advokat Sven Iver Steen, som har ført saka for Overføringsavtalens sikringsfond, seier til Vestavind at dei ikkje har tatt stilling til ei om dei vil anke dommen. Han har elles ingen kommentar til saka.
Ber kommunen om hjelp
Dei tidlegare styremedlemmene i Sveio Bufellesskap har no bede Sveio kommune om å ta rekninga, om dommen frå lagmannsretten blir rettskraftig.
Dei hadde ikkje gyldig styreforsikring, den hadde stiftinga sagt opp i forbindelse med arbeidet med å avvikle drifta.
I eit brev dei har sendt til Sveio kommune, viser dei til at kommunen var stiftar av stiftinga. Og vidare til at då dei blei førespurt av kommunen om åta på seg styreverv, så var det på grunnlag av deira engasjement for samfunnet og barn spesielt. Og altså ikkje fordi dei var spesielt kyndige på rekneskap eller forretningsdrift.
Dei gjer vidare eit poeng av at då styret ville avvikle stiftinga, så var dette opp som ei eiga sak i kommunestyret. Då vart det stilt krav om at eit eventuelt overskot etter avvikling av stiftinga skulle tilfelle kommunen.
Meiner dei fekk skjult gjeldspost på lasset
Dei viser også til at då kommunen vedtok å gjere Sveio bufellesskap om frå eit kommunalt føretak til ei stifting, så var det viktigaste kravet frå politikarane at dei tilsette skulle ha same pensjonsordning som dei hadde hatt i kommunen. Det vart difor oppretta ein pensjonsavtale med Bergen Bank, Vital og seinare vart denne forsikringa overført til KLP.
— Styret vart aldri opplyst om korleis ein slik pensjonsavtale, som er ytingsbasert, fungerer eller at det ved ein konkurs eller avvikling låg føre eit avviklingstilskot som skulle betalast, skriv dei i brevet.
Dei fire konkluderer med at kommunen gav stiftinga ein eigenkapital på 200.000 kroner, men også ein skjult gjeldspost i form av framtidige pensjonsforpliktinga for alle tilsette i bufellesskapet.
— I ettertid ser vi at stiftinga har hatt ein stor negativ eigenkapital frå stiftinga sin start. På denne bakgrunnen oppfattar vi det som om at dette også var ukjend for Sveio kommune som stiftar, skriv dei.
Det opplevast urimeleg og uforståeleg at me skal belastast for eit slikt krav sett i lys av at ingen har kjent til denne forpliktinga.
Dei skriv vidare at den personlege belastinga med to rettssaker, og no dommen kor dei er dømt til å betale ei erstatning, har vore ubeskriveleg hard og vanskeleg.
— Det opplevast urimeleg og uforståeleg at me skal belastast for eit slikt krav sett i lys av at ingen har kjent til denne forpliktinga, skriv dei.
Dei legg til at ein eventuell ny rettsrunde i Høgsterett vil gi nye påkjenningar i form av ventetid og saksgang, og fare for eit enno større økonomisk tap.
— Vi håper derfor at kommunen ser sitt ansvar for det som har skjedd og betalar våre utgifter, skriv dei.
Ordføraren: — Kommunen har eit moralsk og etisk ansvar
Ordførar Linn Therese Erve (Ap) er tydeleg på at kommunen ikkje er juridisk ansvarleg for tapet dei tidlegare styremedlemmene ser ut til å kunne lide som følgje av søksmålet frå Sikringsordninga, fordi kommunen ikkje har vore part i rettsaka.
— Men eg meiner at Sveio kommune har eit etisk og moralsk ansvar i saka, difor er det naturleg at dei folkevalde tar ei vurdering på om kommunen skal ta rekninga for dei fire styremedlemmene, seier ho.
Kommunestyret får ei orientering om saka i kommunestyret førstkommande måndag.
Som folkevald stiller ho seg også positiv til at kommunen skal kunne dekke tapet til dei tidlegare styremedlemmene. Ho syner til at det er snakk om ei stifting som opphavleg var eit kommunalt føretak.
Eg meiner at Sveio kommune har eit etisk og moralsk ansvar i saka
— Stiftinga vart etablert av kommunen, og styret var politisk oppnemnd, minner ho om. Difor er eg positiv til at kommunen skal kunne dekke tapet deira, men me får vente med å sjå på i kva omfang det i så fall blir, seier ho.
Høgre: — Opne for å finne gode løysingar
Gruppeleiar for Sveio Høgre, Lars Einar Hollund (H) seier at deira kommunestyregruppe ikkje har tatt stilling til saka enno. Då Vestavind snakka med han fredag ettermiddag visste han heller ikkje at det kjem ei oreintering om saka måndag.
— Men me er opne for å finne gode løysingar. Men me må først få ei god orientering om kva som har skjedd, seier han.
Kommunestyret får altså ei orientering om saka måndag, men må ifølge rådmann Ingunn Tveit vente litt lenger på ei konkret sak for handsaming.
— Me fekk brevet frå dei tidlegare styremedlemmene på bordet denne veka, og me treng meir tid på å førebu ei sak, seier rådmann Ingunn Toft.
Ho seier at kommunestyret vil få ei sak til handsaming før partane sin ankefrist for domstolen går ut den 15. oktober.