nyhende
Kattunge satt fast i bil – verkstaden etterlys eigar
Ein bileigar i Sveiåsen ante uråd då han høyrde mjauelydar frå bilen sin. Ein mekanikar på Haukås bilverkstad klarte til slutt å lokalisere ein kattunge, som dei no etterlys eigaren til.
Det var rett etter lunsjtider onsdag at Haukås Bilverkstad fekk eit oppdrag utanom det vanlege. Då kom eigaren av ein Tesla innom for å få hjelp til å hente ein kattunge ut av bilen.
Kattungen viste seg å sitte i eit holrom ved batterikassen til bilen, og ein mekanikar klarte å hente den ut.
Etterlys eigar
No er det store spørsmålet – kven er eigar av den svarte kattungen?
— Den er ikkje så veldig gamal, slår Solfrid Kinn ved Haukås Bilverkstad fast.
Inntil vidare får katten husly på verkstaden, og då Vestavind var på tråden ved 12.30-tida hadde mekanikaren matpause samen med katten.
— Me har sett fram mat til den, fortel ho
Har spreidd bodskapet
Kinn har delt bilde av katten på forskjellige Facebook-sider, og håpar at eigaren melder seg.
— Om ingen melder seg vil vi kontakte Dyrebeskyttelsen, seier ho.
Om det er din katt, eller trur du veit kven eigaren er, kan Solfrid Kinn på Haukås Bilverkstad nås på telefon 926 87 313.