nyhende
Dømt for seksuell handling utan samtykke
Ein mann frå Sveio er i Haugaland og Sunnhordland tingrett dømt til fengsel i 11 månadar for å ha utført ei seksuell handling utan samtykke mot ei kvinne.
Handlinga mannen er dømt for har ifølge dommen funne stad på natta etter ein fest på ein privat adresse i Sveio kommune på vårparten i fjor.
Kvinna, som er busett ein anna kommune, hadde gått og lagt seg, og mannen skal seinare ha lagt seg ned i same rom som kvinna. Det er då mannen, etter det retten finner bevist, har utført ei seksuell handling utan at kvinna hadde samtykka til det.
DNA-bevis
Mannen forklarte i retten at han var rusa, og at han ikkje hugsar noko frå hendinga, og la til grunn at han ikkje kan ha utført handlingane han no er dømt for. Mannens advokat, Arvid Sjødin, la ned påstand om at mannen måtte frifinnes.
Retten slår fast at rusen var sjølvforskyldt, og at straffskulda difor skal vurderast ut i frå som om han var edru. Retten har i domspremissane sine lagt til grunn DNA-funn og frå forklaringar frå fornærma og eit vitne.
Dommen på 11 månadars fengsel er éin månad kortare enn det aktor i saka, politiadvokat Folke Åmlid, hadde lagt ned påstand om.
Frifunne for krav om oppreisning
Kvinna sin bistandsadvokat la i retten ned krav om oppreisningserstatning etter rettens skjønn. Dette kravet vart mannen frifunne for, då kvinna ikkje har lagt til grunn at ha har blitt påført helseskade etter hendinga.
Mannen må betale 5.000 kroner i sakskostnadar til domstolen.