nyhende

Helge Mørk Jensen lyftar på den øydelagte vaskemaskina.FOTO: THOMAS VALLESTAD DRAGESET
Helge Mørk Jensen lyftar på den øydelagte vaskemaskina.

Fann forsøpling nær drikkevasskjelde

Ein turgåar oppdaga førige veke forsøpling i nedslagsområdet til Forevatnet, som er reserve-drikkevatn for Sveio kommune. I ein bekk som renn ut i vatnet ligg det mellom anna fleire bildekk og motordelar. — Ille at folk ikkje kan handtere sitt eige søppel, seier konstituert rådmann Ingunn Toft.

Publisert Sist oppdatert

Helge Mørk Jensen går kvar helg tur frå Fjellstad til Mølstrevåg. Forrige veke prøvde han ein ny rute gjennom Krossleite, og vart forferda over det han fekk sjå langs stien.

— Eg tenkte eg skulle gå ein annan veg og så vart eg veldig frustrert over korleis folk oppfører seg når eg fann dette, seier Jensen.

På sykkelstien som kryssar Tveitevegen ved fylkesveg 47 fekk han auge på meir og meir boss. Bildekk og motordelar ligg delvis under vatn i ein bekk, og søppel er strødd langs stien eit stykke innover.

EIn gamal bilmotor ligg langs stien, i mogelegvis meir enn 30 år ifylgje grunneigar.

— Slik gjorde folk i gamle dagar, men vi er ferdig med den tida, seier han.

Byggmaterialar og ein haug med treverk ligg strødd til sida, med noko plast i ein dam bak. Ein godt rusta sykkel har nesten vorte slukt av mose og gras.

På eit punkt ligg eit dekk på venstre og ein bilmotor på høgre side av vegen.

— Det er frå ein BMW, seier han.

I den raude sirkelen vart forureininga funnen.

Som tidlegare bilmekanikar kjenner han motortypen igjen, og synast ikkje noko om plasseringa.

— Du kan sjå på tilstanden at dei har lagt her i mange år, seier Jensen.

Det tok ikkje lang tid før alvoret i kor forureininga ligg gjekk opp for han. Bekkane i nærleiken er i nedslagssområdet til Forevatnet, og renn ut i det som er eit reservevatn for Sveio.

— Ein snakkar mykje om mikroplast og plast i naturen. Dette kan jo ikkje vere bra, seier han.

Usikkert kven som haldast ansvarleg

På nettsida til Sveio kommunen blir det opplyst at dei kan gje pålegg om opprydding til den ansvarlege.

I bekken som renn ut i Forevatnet ligg det ein trommel, ein felg og nokre dekk under vatn.

Vestavind har snakka med grunneigar, men korkje grunneigar eller Jensen har noko aning om kven som har forureina området.

— Eg synast det er heilt sjukt at folk kjem her og dumpar boss, seier grunneigar.

Grunneigar har tidlegare rydda der sjølv etter at det vart kasta boss der for minst tre år sidan. Då fekk han vekk det meste utanom bilmotoren, den vart for tung å flytte sjølv. tter ryddinga sat han opp fleire store steinar for å hindre meir innkøyrsel med bil. Likevel har nokon klart å kaste mellom anna ei vaskemaskin inne på stien.

Konstituert rådmann Ingunn Toft og kommunalsjef for utvikling Kenneth Tollefsen synast det er trist at boss vert dumpa i naturen. På eit kart over kommunen bekreftar Tollefsen at forureininga er i nedslagssområdet til Forevatnet.

— Det er forureininga me er oppteken av, det er jo i nærleiken av ein drikkevatnkjelde, seier han.

Vil gjere ekstra vurderingar

Ansvarleg einingsleiar er bortreist når førespurnaden om forureining vert besvart, så difor kan ikkje dei gjeve eit sikkert svar om kven som får ansvaret for opprydding.

— I utgangspunktet er det grunneigar som er ansvarleg, men vi må gjere litt ekstra vurderingar rundt dette, seier Tollefsen

Ei trykksprøyte og anna boss har vorte slengd inn i skogen frå stien.

Kva kommunen vil gjere med informasjonen om forureininga vil avklarast når einingsleiar kjem tilbake. Toft og Tollefsen reagerer begge på kva som vart funne av tipsar, både grunna nærleik til reservevatnet og at mykje av det kan ein kaste gratis.

— Det er jo gratis å levere ein gamal vaskemaskin, seier Tollefsen.

Rådmannen rosar tipsaren, og oppfordrar andre som finn eller veit om boss i naturen å sei ifrå.

— Det er viktig at kommunen vert kjend med det, seier Toft.

Skal bli hovudvatn for Sveio

Måndag den 26. september vedtok eit samrøysta kommunestyre å byggje nytt vassbehandlingsanlegg ved Forevatnet for å ta det i bruk att som hovudvatn.

Bak ein haug med gamalt byggmateriale ligg det plastbitar i ein dam.

Sveio får i dag brorparten av drikkevatnet sitt frå Joavatnet i Førde og resten kjøpast i frå Haugesund.

Grunna krav om økt tryggleik til forsyning av drikkevatn måtte Sveio øke sin kapasitet. Valet var difor mellom eit samarbeidsprosjekt med fleire andre kommunar med minimumskostnad på om lag 150 millionar kroner for Sveio, eller å ta Forevatnet i bruk att til om lag 36 millionar kroner.

Ifølgje saksdokument frå rådmannen viser både analysar og prøvar tekne frå Forevatnet at det er godt eigna til råvatn for drikkevatn-produksjon.

Plast og anna boss ligg strødd i skogen.
Powered by Labrador CMS