nyhende
Halleraker og Katla har meldt seg ut av Arbeidarpartiet
Kommunestyrerepresentantane Asle Georg Halleraker og Torgeir Katla har meldt seg ut Arbeidarpariet. Det gjer dei i protest mot at regjeringa avslutta lærarstreiken med tvungen lønsnemnd.
Det kungjorde dei sjølve på Facebook i eit felles innlegg laurdag ettermiddag.
Både Halleraker og Katla er lærarar, og understreker i innlegget at utmeldinga handlar om Ap sitt val i regjering, og ikkje om lokalpolitikken i Sveio.
Dei to vil fungere som uavhengige folkevalde i kommunestyret inneverande periode.
Katla sit i kommunestyret i sin første periode, mens Halleraker er inne i sin andre periode.
Sistnemnde er også leiar av hovudutval for kultur og oppvekst.
Halleraker har tidlegare meldt at han ville ta opp kampen med sitjande ordførar Linn Therese Erve om førsteplassen på lista framfor komande val.
No tydar alt på Erve, som allereie har sagt ja til å stå på førsteplass, ikkje får kamp om den plassen.
Her er Facebook-innlegget i sin heilheit:
Regjeringa, med Arbeiderpartiet i spissen, gjekk i denne veka inn for tvungen lønsnemnd i lærarstreiken. Det hadde eg aldri forventa av ei Arbeiderpartiregjering på eit så tynt grunnlag. Etter 25 samanhengande år som lærar i den norske grunnskulen og 21 år som plasstillitsvalt for Utdanningsforbundet kan eg ikkje berre bøye nakken og stilltiande akseptere ein slik maktbruk av Arbeiderpartiet. Det trugar både min profesjon sitt omdøme og lærarane sine grunnleggjande rettar til å kjempe for sine lønsvilkår.
Eg har difor meldt meg ut av Arbeiderpartiet som ein protest mot måten regjeringa avslutta lærarstreiken på.
Ei nærare grunngjeving følgjer i skrivet nedanfor dersom nokon har interesse for det.
Arbeiderpartiet sviktar den norske skulen.
I kvart einaste val har me nytta røysteretten, og me har røysta på Arbeiderpartiet. No er denne epoken over for vår del.
Arbeiderpartiet i regjering har i år nytta tvungen lønsnemnd for å avslutte ein lovleg arbeidskonflikt der Utdanningsforbundet og KS (KommuneSektorens organisasjon) har vore motpartar. Denne maktbruken frå ei regjering samansett av Arbeiderpartiet og Senterpartiet opprører oss sterkt. Me har heilt til no vore overtydd om at Arbeiderpartiet og arbeidarrørsla har vore tufta på å hegne om grunnleggjande rettar som arbeidstakarar har til å kjempe for sine løns- og arbeidsvilkår. Streikeretten er det sterkaste og mest alvorlege verkemiddelet me har, og det er ikkje slik at lærarane tar lett på å bruke streikeretten.
Me hadde mykje større forventingar til at ei Arbeidarpartistyrt regjering IKKJE ville bruke tvungen lønsnemnd enn alle andre regjeringar. Arbeiderpartiet skal vere eit kampparti for arbeidarar og folk flest sine rettar. Her har ein stroke til eksamen med statsminister Jonas Gahr Støre, kunnskapsminister Tonje Brenna og arbeidsminister og leiar i Vestland Ap – Marte Mjøs Persen i spissen. Dei har alle svikta lærarane og elevane i den norske skulen.
Ved å bruke tvungen lønsnemnd i denne konflikten seier Arbeiderpartiet NEI til ei reell satsing på den viktigaste innsatsfaktoren i skulen – altså læraren.
- Arbeiderpartiet seier ja til at lærarane skal vere lønstaparar innan kommunesektoren seks år på rad.
- Arbeiderpartiet seier ja til at omlag 20 % av alle timar i skulen skal bli undervist av ufaglærte.
- Arbeiderpartiet seier ja til å stoppe eit katastrofalt fall i søknadar til lærarutdanninga.
- Arbeiderpartiet seier samstundes ja til at konflikten mellom lærarar og KS vil halde fram.
Eit parti som i praksis viser ei total manglande reell satsing på vår eigen profesjon kan me dessverre ikkje identifisere oss med. Me har hatt mykje større tru og forventingar til Arbeiderpartiet enn andre parti. Det viser seg å vere feil. Dei berre snakkar og snakkar om kor viktig skulen er, men når det kjem til finansiering brukar dei tvungen lønsnemnd til å tvinge lærarane attende til arbeidet.
Me er klar over at Arbeiderpartiet ikkje gjer dette med lett hjarte, og at det er mange omsyn som spelar inn, men politikk handlar om å prioritere og om å ville. Denne regjeringa har ausa rundt seg med rettmessige hjelpepakkar til mange grupper i samfunnet, og det med rette.
- Kvifor var det så vanskeleg å gi nokon konkrete politiske signal om at no er det lærarane sin tur, for å vise denne yrkesgruppa at ein tar konflikten på alvor når KS ikkje evnar eller vil kome lærarane i møte?
Når ein har regjeringsmakt, kan ein faktisk vise vilje til å styre sjølv om ein er i mindretal. Då kunne Arbeiderpartiet tatt leiinga i debatten og ikkje berre sitje stille og vente på ein moglegheit til å køyre på med tvungen lønsnemnd.
Arbeiderpartiet viser med denne avgjerda at lærarar ikkje blir verdsett for det arbeidet dei gjer, og det er eit alvorleg signal til heile profesjonen og yrkesgruppa. Det undergrev verdien av levebrødet vårt og det yrket me elskar. No er det me trur på og lever av viktigare enn politikk.
Me melder oss difor ut av Arbeiderpartiet, for me kjenner ikkje partiet vårt igjen i eit heilt sentralt verdispørsmål som forsvarar av streikeretten generelt og til lærarane spesielt.
Arbeiderpartiet og Senterpartiet vann Stortingsvalet med slagordet: «No er det vanlege folk sin tur.» Enten er oss lærarar ikkje vanlege folk, eller så har me alle gått på ein stor bløff.
Me har til no vore lojale mot partiet og tatt usemjer og kampane internt, slik kutyme og vanleg praksis er. Å påverke innanfor er jo den beste måten, og det me alltid har forfekta som rett prosedyre. Ein kjem likevel til eit punkt der nok er nok, og me må seie ifrå med omsyn til profesjonen vår og framtida til den norske skulen.
Me brenn begge for lokalpolitikken og synest det er svært gjevande å engasjere seg i det store politiske dugnadsarbeidet som folkevalt, men då må me kunne identifisere oss med nokon heilt sentrale verdispørsmål som rammer oss i kvardagen. Streikeretten står for oss heilt sentralt som representantar for Arbeiderpartiet.
Me tar vårt ansvar som folkevalte i Sveio svært alvorleg, og vil sjølvsagt arbeide for det programmet me er valt inn på i respekt for alle dei som stemte på Arbeiderpartiet ved sist kommuneval. Sveio Ap sitt valprogram er vår rettesnor og vår kontrakt med våre veljarar. Denne utmeldinga dreier seg om Arbeiderpartiet sine val som regjeringsparti, og ikkje om Sveio Ap lokalt. Det er viktig å understreke.
Det er eit tydeleg signal at for 6. år på rad var det heller ikkje no lærarane sin tur, og då er vårt tolmod slutt. Me ynskjer å bli identifisert med:
- Eit parti som me kan vere stolte av og drive valkamp for.
- Eit parti som i praksis viser at dei vil satse på oppvekstvilkår for barn og unge.
- Eit parti som me i Kommunestyret i Sveio skal vere krye av å representere.
No har Arbeiderpartiet svikta lærarane som profesjonsgruppe og oss som einskildindivid, og i tillegg til alle elevane som fortener ein godt skulert, og svært motivert, lærar som elskar arbeidet sitt, fordi ein føler seg verdsatt i verdas viktigaste yrke.
Då må løna stå i stil, og ikkje år etter år sakke akterut. Det er eit alvorleg signal frå ei regjering å sende til skuleverket dersom ein ynsker å satse på skulen.
Me meiner difor at ved å bruke tvungen lønsnemnd har Arbeiderpartiet svikta både skulen og den viktigaste innsatsfaktoren – læraren.
Beste helsing
Torgeir Katla, Kommunestyrerepresentant i Sveio og lærar ved Sveio skule
Asle G. Halleraker, Kommunestyrerepresentant i Sveio, leiar for Hovudutval for Oppvekst og Kultur i Sveio og arbeidsplasstillitsvalt for Utdanningsforbundet på Skåredalen skole i Haugesund med 60 medlemmer.»