nyhende
Ministeren om Katla og Halleraker sine utmeldingar: — Skulle gjerne hatt dei med vidare på laget.
Arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen (Ap) kommenterer Asle Georg Halleraker og Torgeir Katla sine utmeldingar frå Arbeiderpartiet. Ho er uenig med kritikken om at streikeretten ikkje står høgt hos Arbeidarpartiet.
Då Sveio-politikarane Asle Georg Halleraker og Torgeir Katla melde seg ut av Arbeidarpartiet vart det gjeve beskjed frå Sveio Ap til vidare opp i partiet om kva som hadde hendt.
Korkje Halleraker eller Katla har blitt kontakta av nokon utanfor Sveio Ap etter utmeldingane.
Då Vestavind ber arbeids- og inkluderingsministeren om ein kommentar til hendinga, får me dette til svar.
— Skulle gjerne hatt dei med vidare
— Eg skulle gjerne ha hatt dei med vidare på laget, men eg respekterer valet dei har teke, seier Persen.
Det er i tråd med kva ordførar Linn Therese Erve (Ap) uttalte på måndag om Halleraker og Katla.
Men, ministeren - som også er leiar i Vestland Ap - er ikkje einig i kritikken som kjem mot avgjersla hennar om bruk av tvungen lønsnemnd.
Katla har tidlegare uttrykt frustrasjon over Persens val, og pekt på at særleg i Arbeiderpartiet burde terskelen ha vorte høgare.
— Dette med streik og streikerettigheter skal jo stå høgt i Arbeiderpartiet. Me føle jo at dei svikta og nærmast motarbeida oss, har Katla uttalt til Vestavind.
— Partane sitt ansvar
Minister er ikkje einig.
— Streikeretten står sterkt i Noreg. Å finne ei løysing i arbeidskamp er partane sitt ansvar, og eg vil understreke at det er svært uheldig at ansvaret for desse konfliktane vart skuva over på regjeringa, seier Persen.
Ho legg til at ho forstår at lærarane er skuffa.
—Men når eg greip inn var me kome til eit punkt kor dei samla samfunnsmessige konsekvensane var så alvorlege at regjeringa ikkje hadde noko val. Konsekvensane blei meir alvorlege jo lengre streikane varte, seier ho.