nyhende
Mann mista livet i arbeidsulykke
Ein person mista livet i ei arbeidsulykke i eit steinbrot i Valevåg onsdag.
Politiet fekk melding via AMK-sentralen om eit steinras ved Valevåg den klokka 13.31 onsdag.
Nødetatene rykte ut til staden med store ressursar, og det vart raskt konstatert at ein person var tatt av raset.
Det skal vere snakk om ei klemulykke.
Då Vestavind var på ulykkestaden like etter klokka 15, var politiet på plass og hadde sperra av området. Innsatsleiar Randi Halleråker fortalte då at dei held på med etterforskning og sikring av bevis.
Fleire vitne
Fleire arbeidarar var i området, og nokre av desse var ifølgje politiet også vitne til raset.
— Arbeidaren som vart tatt av raset vart frigjort av redningsmannskapa, men livet stod diverre ikkje til å redde. Mannen vart erklært død på staden like etter, opplyser operasjonsleiar Victor Fenne-Jensen i Sør-Vest politidistrikt i ei pressemelding som vart sendt ut klokka 16.20.
Dei nærmaste pårørande er varsla. Det same er kriseteama i Haugesund og Karmøy kommune. Desse vil ivareta pårørande og arbeidarar som var involvert i hendinga, opplyser operasjonsleiaren i meldinga.
Også Sveio kommune sette krisestab, men den lokale kriseleiinga i Sveio avslutta sitt arbeide då situasjonen var avklart.
— Det er ei forferdeleg ulykke og vi tenker først og fremst på dei pårørande og på arbeidskollegaene som har vore vitne til dette, seier Varaordfører i Sveio, Ruth Grethe Østebøvik Eriksen (Frp) til NRK.
Arbeidstilsynet og politiet vil etterforske hendinga, og kriminalteknikarar frå politiet vil også bistå i arbeidet.
Veit ikkje årsaka
Det er for tidleg å konkludere om årsaka til ulykka, om det var som følgje av arbeid eller klimatiske forhold, skriv Fenne-Jensen.
Onsdag kveld held etterforskinga fram, men politiet var ferdige med sine undersøkingar på steinbrotet i Valevåg cirka klokka 19.15 onsdag kveld.
Har frigitt åstaden
— Våre krimteknikarar var ferdige på staden for ein halvtime sidan, og åstaden er frigitt, opplyser operasjonsleiar Roger Litlatun i Sør-Vest politidistrikt til Vestavind ved 19.45-tida.
Han kunne då ikkje seie noko meir om årsaka til ulykka, og politiet ønskjer av omsyn til pårørande førebels ikkje å gå ut med meir opplysningar om den omkomne utover at det er ein mann.
Det er Karmøy-firmaet Vassbakk og Stol som driv steinbrotet kor ulykka hende.
Direktøren: — Utruleg tungt
Administrerande direktør Inge Jan Thorsen seier i ei pressemelding onsdag kveld at det er utruleg tungt å miste ein kjær kollega.
— Våre tankar og djupaste medkjensle går først og fremst til familie og nære vener. Vi føler alle med dere i sorga. Sjølv om vi er mange til sette er vi ein stor familie kor alle kjenner alle. Det er mange som sørger og har det tungt i dag, og det blir viktig at vi i dagene, vekene og månadane som kjem tar godt vare på kvarandre, seier Thorsen.