Frå og med måndag er det gult nivå på Sveio skule. ILLUSTRASJONSFOTO
Fleira lærarar, mellom anna ved Sveio skule, protesterte mot regjeringa si innblanding i lærarstreiken ved å melde seg ut av Arbeidarpartiet. ARKIVFOTO: IRENE FLATNES HALDIN

Me treng læraren

Etter regjeringa si avgjerd om tvungen lønnsnemnd ser me stor frustrasjon frå lærarane.

Eg forstår avgjerda om tvungen lønsnemnd frå statsråd Persen med omsyn til elevane og dei alvorlege samfunnsmessige konsekvensane. Det kan ikkje vere tvil om at streikeretten framleis står sterkt i Noreg. På den andre sida forstår eg frustrasjonen frå lærarane. At lærarane roper varsku og det dei tar til orde for må me ta på alvor. Eg meiner derfor me no må rette fokuset på kva innspel som er viktige i arbeidet framover.

Eg opplev lærarar som brenn for yrket sitt. Eg forventar at kunnskapsministeren vil arbeide aktivt for å gjenreise tilliten, arbeide for lærarane sine rettar og sikre læraryrket vidare. Og det hastar. For å få det til treng me samarbeid lokalt, regionalt og nasjonalt. Det er på denne måten me kan utvikle den norske skulen til det betre.

Me treng læraren! Skulen er viktig for samfunnet, eleven og dei som jobbar der. Me må ta godt vare på den norske skulen.

Lærarane treng tillit, rimelege arbeidsvilkår og me treng mange fleire lærarar. I dialog med lærarane er eg klar til å vere ein pådrivar for å betre lærarane sine rettar og finne gode løysingar for at fleire ønsker å utdanne seg til dette viktige yrket.

Beste helsing

Linn Therese Erve

ordførar