Lars Einar Hollund (H).
Lars Einar Hollund (H). FOTO: Vestavind/arkiv

Ordføraren og statsbudsjettet

Torsdag la regjeringa fram forslaget sitt til statsbudsjett for 2023. Ordføraren går samtidig ut i Vestavind og forsvarer statsbudsjettet til regjering. Dette krev eit motsvar på den røyndommen ordføraren prøver å beskriva.

På eit år så foreslår regjeringa å auka skattane med 53 milliardar kroner. Det er mange milliardar over Raudts ønskte skattenivå, som under valkampen vart blankt avvist som urealistisk av AP. Og for deg og meg kjem dette på toppen av stigande rente, dyrare mat, straum og drivstoff.

Eg skulle ønske ordføraren og Ap kunne ta innover seg kva dette betyr for vanlege folk og våre bedrifter. For det er dei som må betala rekninga.

Ordføraren peiker på at ein må ta ned oljepengebruken for å førebygge eit høgare rentenivå og at dette ikkje er eit normalår og det kan eg vera samd med ho i. Men eg er veldig usamd hennar og regjeringa sitt val av medisin.

Me kan ikkje som regjeringa legg opp til, skattleggja seg ut av utfordringane. Skattar og avgifter blir auka med meir enn dobbelt så mange milliardar som dei reduserer oljepengebruken med. Dette er heller ikkje eit stramt budsjett, Finansdepartementet beskriv det som svakt ekspansivt! Det me ser er ei betydeleg vridning bort frå verdiskaping og over til offentleg forbruk. Regjeringa lèt vera å prioritera blant sine eigne saker og sender heile rekninga til vanlege folk og våre bedrifter. Dette er feil medisin i krisetid.

Etter to år med pandemi, følgd av krig i Europa, går me ei krevjande tid i møte. Då trengst harde prioriteringar for å ta ned pengebruken og presset i økonomien. Eg reagerer på at regjeringa seier alle må prioritera hardare, bortsett frå staten. Dette er tida for å prioritera investeringar som byggjer grunnlaget for verdiskaping og vekst i framtida.

Den siste tida har det motsette skjedd. Prosjekt over heile landet blir skrinlagt, fordi regjeringa har bestemt at staten treng pengane meir enn dei som skaper arbeidsplassar i lokalsamfunna sine.

Høgres viktigaste oppgåve framover er å bremsa pengebruken til staten og inkludera fleire i jobb. Me må sørgja for at dei 700 sveibuane, og 250.000 personar totalt i landet, som i dag står utanfor arbeid og utdanning kjem inn. Me må gjera det enklare for bedriftene å få tak i arbeidskraft. Og me må redusera veksten i offentleg sektor. Det er synd for Noreg at regjeringa ikkje prioriterer dette.

Lars Einar Hollund

Sveio Høgre